– Vi har nådd ein milepæl i utviklinga av bedrifta og no kan vi rette blikket framover, seier administrerande direktør Dag Berg i Boliden Smelters til NRK.
I ei pressemelding frå Boliden i Sverige kjem det i dag fram at konsernet vil satsa og auka kapasiteten på sinkverket på Eitrheimsneset i Sørfjorden i Odda. Det skjer etter år med sparingar og kraftige tiltak for å få redusert kostnadar.
– No slepp vi å ha dette nedleggingsspøkelset hengande over oss, slik vi har dei siste tre-fire åra. Det ser lysare ut og kanskje vi kan halde fram å utvikle bedrifta i Odda ytterlegare.
- LES OGSÅ:
Vil nå 200.000 tonn
Ved å spytte inn 350 millionar kroner i sinkverket, er målet å auka kapasiteten på produksjonen frå 170.000 tonn til 200.000 tonn sink per år. Målet er å nå 200.000 tonn innan andre halvår 2017.
– I tidlegare investeringar har vi lukkast å konsentrera produksjonen og auka kapasiteten, seier president Kerstin Konradsson i Boliden Smelters i pressemeldinga.
Konsernet ser på marknaden for sink som såpass god at dei vil investera i ytterlegare effektivisering, auka produksjon og betre konkurransekraft.
– Vil denne investeringa bety fleire arbeidsplassar?
– Det kjem den til å bety, ja, avsluttar administrerande direktør Dag Berg.
Fabrikken vart etablert i 1924, då under namnet Norzink.