Raset gjekk natt til torsdag, og ei stund var 3000 personar utan veg ut av kommunen.
Sidan klokka åtte fredag kveld har ei vegbane på staden vore open.
Eit helikopter kom til staden rundt klokka halv ti laurdag morgon, og starta spylinga rundt klokka halv elleve. Geolog Odd Andre Rustad seier arbeidet går svært bra, og at det aller meste av lausmassene raskt kom ned. Det ligg likevel att ei stor steinblokk, og vegvesenet vil ikkje fjerne dei siste steinane før måndag.