Hopp til innhold

Her sprengde nokon dynamitt og skremde naboane

Folk i eit bustadområde på Sandane er skremde etter at det endå ein gong har blitt avfyrt dynamitt i nabolaget. Politiet ber publikum om hjelp til å finne den eller dei som står bak.

Dynamitt Gloppen

SPRENGDE HER: Bak ein trafostasjon finn ein restar etter dynamittsprenginga i går.

Foto: Jan Bjørlo / NRK

Det var like før klokka 19 torsdag kveld at politiet fekk melding om at nokon hadde fyrt av dynamitt i krysset Søråsen/Åsavegen på Sandane. Dette skal ha skjedd like bak ein trafokiosk.

Til alt hell skal verken folk eller bustadhus ha kome til skade.

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar på staden, men førebels veit det ikkje kven som står bak. Dei vil difor ha hjelp frå publikum, og oppmodar folk som kan vite noko om å ta kontakt på telefon 02800.

Har vore fleire smell i det siste

Jan Bjørlo bur i Åsahøgda, som er gata like ovanfor krysset der det small. Han er skremd over det som skjedde, og fortel at det har vore fleire liknande episodar den siste tida.

– Vi har hatt liknande smell over tid, men vi har ikkje opplevd det som så kraftig som vi gjorde i dag, seier han.

Bjørlo fryktar folk kan bli skadde om politiet ikkje finn ut kven som står bak.

– Dette er farleg, seier han uroa.

Han og kona sat på altanen og skulle nyte finvêret då sommaridyllen brått fekk ein slutt.

– Det small og vi skvatt til. Det var eit ganske kraftig smell. Så såg vi ned på Åsavegen, og der var det to stykk som gjekk på tur, og vi såg også ei mor og eit lite barn som var like i nærleiken av trafokiosken der smellet kom frå.

Fryktar nokon skal bli skadde

Politiet vart varsla og har torsdag kveld vore på staden og undersøkt åstaden. Bjørlo set sin lit til at politiet tek saka på alvor.

– Kven som har gjort dette har eg ingen aning om, men eg håpar politiet kan finne ut av det. I området der det small i dag er det bringebærbuskar som barna går og plukkar av når dei går til og frå skulen. Det er ganske dramatisk, og eg er glad ingen har blitt skadd, seier han til NRK.no.

– Kor det smell neste gong veit vi ikkje. Eg fryktar nokon kan bli skadde. At det blir detonert dynamitt både her og der, det er heilt klart skummelt.

Også ein annan som bur i nabolaget uttrykkjer uro for det som har skjedd.

– Eg trudde først det var dei som byggjer eit bustadfelt lenger nede som sprengde ei salve, men vi fekk ikkje noko varsel på førehand slik vi brukar, seier han.

– Kva tenkjer ein når slikt skjer?

– Nei, kva skal ein tenkje. Det er jo slik at ein byrjar lure på kva som skjer, seier mannen som ikkje trur det er snakk om gutestrekar.

Hol i bakken

Operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei tek hendinga på alvor.

– Det var såpass mykje dynamitt som gjekk i lufta at naboane reagerte, og dei vart skremde. Politiet har vore på ei åstadsundersøking, og stadfesta at det har gått av ei salve, seier ho til NRK.no.

Det skal ha vore fleire smell, og det er eit relativt stort hol i bakken der dette skjedde, fortel ho. Til alt hell har det ikkje blitt skade på verken folk eller bustader.

I feil hender

– Vi vil avhøyre vitne og prøve finne ut om folk har sett spesielle folk som har vore i området når dette har skjedd. Vi er interesserte i å høyre frå folk som kan ha sett noko, seier ho.

– Det er alvorleg når det blir avfyrt dynamitt i eit bustadfelt. Det er ikkje noko politiet ønskjer. Dette er truleg dynamitt i hendene på folk som ikkje bør ha dynamitt, seier ho.

Det er førebels uklart kor store mengder med dynamitt som har gått av. Ifølgje politiet skal det ikkje vere meir sprengstoff i området.