Hopp til innhold

Spøkjelsesjakt i Bergen

Seige nett, spøkjelsesaktige nett festar sitt klamme grep om Vestlandstrea. Kva er dette fenomenet?

Skumle vesen som ein før berre fann på Austlandet - festar no sitt klamme grep om Vestlandet. Me har sett eit døme før - men det brer om seg i stort tempo. Trøysta er at det ser farlegare ut enn det er.

spøkjelestre

Heggspinn-møll brer seg på Vestlandet.

Foto: Akrik Velsvik / NRK

Skadedyret heggspinn-møll er hjernen bak det som ser ut som spøkelses-tre.

Inntil få år sidan eit ukjent fenomen på Vestlandet, men som no brer seg med rekordfart.

Men sjølv om Møllen kler inn det meste i sitt seige nett, meiner eksperten, Gudrun Bakkerud ved Universitetet i Bergen, at angrepet ikkje er farleg. Sjølv ikkje for tresorten Hegg, som er favoritt-måltidet.

  SJÅ VIDEOREPORTASJE.