Spent stemning hos Elkem-tilsette

Stemninga blant dei tilsette ved Elkem er spent etter at det i dag vart kjent at dei i dag kan få kinesiske eigarar.

Einar Støfringshaug, hovedtillitsvalgt i Elkem

VIL BLI FERDIG MED SALET: Hovudtillitsvald Einar Støfringshaug i Elkem seier dei tilsette vil ha fokus på drift, og difor ønskjer at eit eventuelt sal til Kina blir fort avgjort.

Foto: NRK

- Når ein arbeidsplass kan verte selt føler vi litt på om dette kan få negative konsekvensar for arbeidsplassane våre, seier hovudtillitsvald i Elkem, Einar Støfringshaug.

Kan hamne på kinesiske hender

Orkla stadfesta i dag at selskapet er i forhandlingar med kinesiske China National Bluestar om ei sal av kjemikalieselskapet Elkem.

Støfringshaug seier samtidig at dei tilsette lenge har vore klar over at selskapet kjem til å bli selt.

- Det er ønskjeleg for alle partar at vi vert ferdige med denne saka. Vi ønskjer ei avgjerd slik at vi kan fokusere på å drive arbeidsplassane våre og verka vidare på ein optimal måte.

Ordføraren er ikkje uroa

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad trur ikkje eit eventuelt sal til Kina får følgjer.

- Det vert vel som i mange andre tilfelle at dei tilsette får eit nytt namn på kjeledressen sin, men at kvardagen elles vert som før.

Han understrekar at Elkem er viktig for kommunen.

Vi er avhengige av trygge og sikre arbeidsplassar og det håpar eg at Elkem skal bidra med også i framtida.