Hopp til innhold

Speidarar skapar eige samfunn

Mellom 4. og 11. juli er 7500 speidarar frå heile Norge samla på landsleir på Åndalsnes.

Utopia speiderleir på Åndalsnes 2009

Kaupanger speidergruppe har fått seg mange nye telt igjennom Gjensidestiftelsen, Marine Harvest og annet lokal næringsliv.

Foto: Patrick S. Johannessen

Det er 150 speidarar frå Sogn og Fjordane, og gruppa frå Kaupanger er den med flest påmeldte på heile leiren .

Landsleiren er kalla Utopia, og er Norges Speiderforbund sin niande landsleir. Leiren vert arrangert kvart fjerde år av fleire hundre frivillige.

På leiren er det fotturar, kanoturar, sykkelturar, huletur, badetur, fisketur og busstur. Det er også eit vell av eksperiment med mellom anna bioenergi, vasskraft, amatørradio og smådyrsafari.

Sjå bilete av speidarane frå Sogn og Fjordane

Seks grupper frå fylket

I tillegg til dei vanlege speidaraktivitetane, er det i år også fokusert på at speidarane skal lage sitt eige perfekte samfunn - Utopia. Speidarane har eit eksperiment der dei skal teste ut korleis demokrati, kreativitet, nysgjerrigheit og praktisk læring kan forme eit betre samfunn.

Frå Sogn og Fjordane deltek seks speidargrupper frå Naustdal, Førde, Systrond, Måløy, Kaupanger og Nordfjordeid.