Hopp til innhold

Sparer fire millionar på skulekutt

Kommunestyret i Naustdal har vedteke å leggje ned Horstad skule og barnehage frå hausten av.

Horstad nye skule

HISTORIE: Dei folkevalde i Naustdal kommune har bestemt seg for å leggje ned Horstad skule og barnehage.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommunen må kutte ti millionar kroner, og meiner å kunne spare fire millionar kroner på skule- og barnehagebudsjettet ved nedlegginga.

Etter ein kring tre timar lang debatt gjekk fleirtalet, 13 mot åtte røyster, inn for å leggje ned skulen på Horstad. I tillegg vil dei flytte 5. – 7.-klassingane i Vevring til Naustdal barne- og ungdomsskule.

– Vi har tidlegare sagt at vi ynskjer å bevare skulestruktur, men er komne i ein situasjon der vi ikkje har balanse i drifta. Som kommunepolitikarar må ein av og til ta upopulære avgjerder, seier varaordførar Harald Kvame.

Hadde ikkje alternativ

For nokre av elevane betyr det at det vil ta over 70 minutt frå dei går ut døra heime til dei kan springe inn til skuleklokka i Naustdal.

Det ynskte ikkje gruppene til Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, SV og Raudt som røysta i mot endringane. Røystene frå Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Arbeiderpartiet utgjorde motvekta som fekk gjennomslag for endringane.

– Dei som stemde i mot hadde ikkje framlegg til inndekning i budsjettet, fortel Kvame.

Lova i valkampen

– Det vart mange og sterke innlegg som det heilt naturleg må bli. Usemja gjekk på at krinsane ynskjer å oppretthalde skulestrukturen, slik som kommunepolitikarane gjekk inn for ved førre kommunestyreperiode. Dei meiner kvaliteten blir forringa, Kvame.

Kvame vedgår at han, og mange av kommunepolitikarane med han, gjekk til val på det same. Han er budd på at skuldingar om løftebrot vil kome.

– Men det som har skjedd i ettertid er at vi får førelagt oss ein økonomi som tilseier at vi må spare inn 10,4 millionar dette året, og 4 millionar på dette i skule- og barnehagebudsjettet. Difor måtte vere med i fleirtalsvedtaket, seier han.