Hopp til innhold

Banken fortalde 4000 kundar at Fredrik ikkje har betalt lånet sitt

Torsdag morgon hengde banken han ut som ein sein betalar, i ein SMS til 4000 kundar. Han tar det med ein smil, men avviser påstanden og set advokat på saka.

Fredrik Vassbotten Olsen

UTHENGD: Fredrik Vassbotten Olsen opplevde torsdag at 4000 kundar i Sparebanken Vest fekk melding om at han ikkje har betalt lånet sitt.

Foto: Privat

– No når «halve Noreg» har fått denne meldinga, får eg berre flira av det. Så tar eg eit møte med advokat og banken seinare.

Bergensaren Fredrik Vassbotten Olsen er fiskar på skreifiske i Lofoten, men i Henningsvær fekk han ein ekstra hektisk start på dagen.

– Morgonen har vore travel. Eg sat på brua her og fekk 20–30 telefonar på rappen.

Vurderer erstatningskrav

Dette var folk som hadde fått SMS med følgande beskjed:

«Her kjem en vennleg påminnelse om at Fredrik Vassbotten Olsen har et lån som manglar innbetaling ved forfall».

Olsen har ikkje tatt stilling til om han vil krevja erstatning.

– Eg får høyra kva banken har å seia først. Dei har no stoppa utsendinga av SMS-ar, så får me finna ut av det etterpå.

– Er det så hektisk å vera fiskar at du ikkje har tid til å betala avdrag på lånet?

– Nei, på bedriftskontoen har eg ikkje lån, så eg forstår ikkje meldinga i det heile tatt.

– Så du er hengt ut som dårleg lånekunde utan å ha lån?

– Eg har også privatkonto der, men SMS-en gjeld ikkje den.

– Så det er eit mysterium kvifor du skulle få denne meldinga?

– Ja, men dette får eg ta med banken.

Uthengt av banken som dårleg lånekunde

TABBE: I ein SMS til 4000 kundar hevda Sparebanken Vest at Fredrik Vassbotten Olsen ikkje hadde betalt avdraget i tide.

Foto: Skjermdump

4000 fekk meldinga

Kommunikasjonssjef Johannes Dobson i Sparebanken Vest legg seg flat.

– Me har hatt ein feil ved utsending av ein SMS som har gått til mange kundar som ikkje skulle hatt denne informasjonen.

Torsdag morgon visste han lite om kva som hadde skjedd.

– Me jobbar no på spreng for å sjå kor mange som har fått denne meldinga. Det er eit betydeleg omfang. Per no ser ut til å vera rundt 4000 av bankens kundar. Me ber dei sjå vekk frå den SMS-en.

Tryggleiksbrot

Datatilsynet er varsla munnleg om hendinga, og ventar no på ei skriftleg avviksmelding frå banken.

– Det er for tidleg å seia om dette tryggleiksbrotet skuldast systemsvikt eller menneskeleg svikt. Ut frå det vil me vurdera kor alvorleg denne saka er.

Det seier kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl i Datatilsynet.

– Då kjem me tilbake med reaksjonar frå tilsynet si side. Men det er klart det er uheldig for råka. Privatøkonomi er jo ei privatsak, seier ho.

Veit ikkje årsaka

Meldinga blei sendt ut i 7-tida torsdag morgon.

Fleire av bankens kundar opplyser til NRK å ha fått tilsendt ei rekke kopiar av SMS-en.

Éin av dei fekk den same meldinga klokka 07.00, 07.24, 07.47 og 08.00.

– Dette er litt uklart, men ser ut til at nokon kan ha fått fleire meldingar om det same, stadfestar Dobson.

Klokka 16 seier han at banken no har funne ut kva system feilen skjedde i, men ikkje kvifor. Systemet med feilen er stansa. Han kan framleis ikkje seia om dette var ein heilautomatisk eller manuell feil.

– Det er for tidleg å seia. Det viktige no på morgonkvisten har vore å få stoppa utsendinga. Så må me finna ut kva som har skjedd. Me har nokre hypotesar om kva som er årsaka til feilen, men veit førebels ikkje.

Johannes Dobson, Sparebanken Vest

BEKLAGAR: Kommunikasjonssjef Johannes Dobson i Sparebanken Vest.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Beklagar

Banken har beklaga hendinga overfor Olsen.

– Me har sjølvsagt beklaga dette på det sterkaste, og vil følga opp med han i ettertid.

Dobson vil no ikkje seia om Olsen får ei erstatning for å ha blitt hengt ut på denne måten.

– Det må me komma tilbake til. Dette skulle sjølvsagt ikkje skjedd. Me må gjennomføra tiltaka som trengst for at dette ikkje skal skje igjen.

NRK har blitt kontakta av fleire som seier dei har fått meldinga utan å vera kunde i Sparebanken Vest. Dobson seier alle 4000 har eller har hatt eit forhold til anten Sparebanken Vest, deira konsept Bulder Bank eller andre tilknytte applikasjonar.