Hopp til innhold

Var innesperra i buss i 15 timar

Det var aldri snakk om panikk då bussen vart innesperra av to ras seint måndag kveld. Morgan Myrmel (15) sov godt 11 av dei 15 timane dei var isolerte.

Det var i 19.30-tida måndag kveld at rutebussen på veg frå Førde til Sogndal fekk ein brå slutt på turen i Lånefjorden i Balestrand. På same stad der ein person mista livet for nokre år sidan hadde det gått eit stort steinras.

Etter å ha snudd bussen oppdaga dei raskt at dei var innesperra. Eitt nytt ras hadde sperra vegen tilbake.

– Men det var ikkje så dramatisk. Men sjølvsagt, det kunne blitt dramatisk viss vi hadde måtte stogge bussen ein plass der det var fare for nye ras, seier passasjer Morgan Myrmel.

Det var ikkje trygt å stå langs vegen

Morgan Myrmel skulle på julebesøk til tanta, men turen vart plutseleg langt meir dramatisk enn han hadde tenkt. Då bussen kom til Lånefjorden var riksveg 55 plutseleg stengd. Eit fleire meter høgt ras sperra heile vegen.

– Eg stogga og ringde for å varsle om raset. Eller å ha venta vel ein time fekk vi beskjed om å snu, fortel bussjåfør Øystein Hoff til NRK.no.

Men etter berre nokre hundre meter på vegen tilbake møtte dei på eit nytt ras. Då var gode råd dyre. Til alt hell fekk dei fem passasjerane og sjåføren hjelp av ein bonde i bygda.

– Bonden meinte det ikkje var trygt for oss å stå i vegen, så vi fekk stå i ei oppkøyrsle hos han. Han kom også ned til oss med mat og drikke, fortel Hoff.

Fekk sove nesten heile natta

Inne i bussen kunne passasjerane og sjåføren halde varmen, og med mat og drikke frå den gåvmilde bonden stod det heller ikkje på svolten. Ute herja stormen, men i mørket var det uråd å sjå kva som skjedde.

– Vi såg ikkje så mykje av det som skjedde rundt oss, så vi prøvde berre å ta det med ro. Stemninga i bussen var bra, og fleire av oss fekk sove ein del, seier Hoff.

15-åringen Morgan Myrmel var ein av dei som tok situasjonen heilt med ro. Av dei 15 timane bussen var isolert mellom dei to rasa fekk han sove 11 av dei.

– Det var roleg, og dei gongane det var noko som skjedde så oppdaterte bussjåføren oss, seier Myrmel.

Dei som derimot kanskje var litt meir uroa oppe i det heile var dei som venta besøk av busspassasjerane. Myrmel fekk ikkje varsla foreldra heime fordi dei ikkje hadde dekning, og tanta fekk han heller ikkje tak i før utpå morgonen tysdag.

Skryt av sjåføren og bonden

Etter 15 timar i bussen vart dei berga ut med båt. Ambulansebåten «Solund» hadde freista å hente dei ut allereie måndag kveld, men kom ikkje til før like før klokka 10.30 tysdag.

Morgan Myrmel er full av lovord om både sjåføren og den snille bonden.

– Bussjåføren tok situasjonen svært roleg, og då vart alt mykje enklare for oss. Han var ikkje stressa, men roleg og heldt praten i gang, seier Myrmel.

– Også bonden skal ha takk. Det var godt med litt mat, sjølv var eg veldig svolten då han kom.