Verksemda er eineleverandør av kjøtprodukt til samtlege av Rema 1000 sine butikkar i Norge. Sidan 2008 har Nordfjord Kjøtt opplevd ein kraftig vekst, med nær ein milliard kroner.
I fjor omsette verksemda for 2,2 milliardar kroner.
Trass sin unge alder er søskena, og borna til dagleg leiar og styreleiar Geir Egil Roksvåg, øvst på formuestoppen i kommunen. Medan yngstemann Tom Roksvåg står med 294 millionar kroner i formue, har Malin Roksvåg 285 millionar i formue.
Moods of Norway-gründer Jan Egil Flo har tredjeplassen med 64,6 millionar kroner.
Vi gjer merksame på at listene er basert på førebelse skattetal frå Skattedirektoratet. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagehandsaminga er ferdig.