– Vi har hatt eit problem med eit vern som har kopla ut, og vi veit ikkje heilt kva som kan vere årsaka, seier Helge Robert Midtbø, som er nettsjef i Sunnfjord Energi.
Både fredag, laurdag og sundag har straumkundane i Jølster opplevd å miste straumen. I dag har Sunnfjord Energi kopla ut det brysame vernet mellombels og sett inn eit anna.
– Det er snakk eit vern som skal kople ut ved lysbuer som ein får ved kortslutningar. Truleg har det reagert på ein refleks eller noko slikt frå det sterke solskinnet vi har hatt dei siste dagane.
– Det skal det ikkje gjere, så no har vi kopla det ut mellombels til vi får undersøkt det nærare måndag.