For å halde liv i draumen om direkte opprykk, var kun seier godt nok, når Sogndal tok imot Løv- Ham. For Løv- Ham, som sjølv er tungt nede i nedrykkskampen, var dette også ein særs viktig kamp. Rune Bolseth gav Sogndal ein perfekt start, etter berre 3 minutt. Då skaut han frå kring 18-19 meter, via ein Løv- Ham spelar i mål. Etter målet slepte Sogndal seg ned, og Løv- Ham overtok mykje av initiativet i kampen.
Hansen skapte trøbbel
Dette førte til at Løv- Ham utlikna i det 18 minutt. Ein farleg Cato Hansen, på utlån frå brann, kunne enkelt sette ein retur frå Lecejewski opp i nettaket. Hansen som var LH sin beste spelar, måtte imidlertid ut med skade før pause, noko som gjorde resten av kampen enklare for Sogndal sine stopparar.
Innbyttar sørga for siger
Kampen var fri for dei heilt store sjansane. Sogndal tok ingen sjansar, og LH låg ekstremt defensivt etter pause. Karl Oskar Emberland tok grep, og bytte ut henholdsvis Tarjei Dale og Ulrik Flo. Inn kom Espen Olsen og Mats Solheim. Det siste byttet skulle vise seg å vere lurt.