Hopp til innhold

Fleire mål svidd vekk i skogbrann

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire mål med tre og skogbotn vart i ettermiddag svidd vekk i ein skogbrann i Kvam. YR.no melder om lokal stor skogbrannfare i fylket.

I ettermiddag kjempa fleire brannmenn i Kvam mot flammane i ei fjellside ved Fykse. Men ved 17-tida hadde dei fått brannen under kontroll, opplyser bt.no.

Det pågår no etterslokking på staden.

YR.no: Sjekk skogbrannfaren der du bur

Fleire mål svidd vekk

I timane før slokkinga vert det opplyst at brannen såg meir dramatisk ut, då flammane spreidde seg fort og truga nybygg under oppføring. Det var ingen personar i bygningane.

– Det vart litt kaotisk. Det var 70-80 meter stigning, men vasskanonene til Holdvik fekk dyssa brannen ned, seier vakthavande Atle Barane i Kvam brannvesen.

– Cirka to mål med tre og skogbotn vart ramma av brannen, seier underbrannmester Ronny Karlsen i Bergen brannvesen.

Det vart i ettermiddag også meldt om ein gras- og lyngbrann ved Gjeddevatnet på Varden i Fyllingsdalen. I fylgje ba.no vart denne påstarta av nokre born i området.

– Stor skogbrannfare

– Viss véret fortsetjer slik det no er meldt, med varme temperaturar og pent vér, då må me rekna med at me kjem opp i meget stor skogbrannfare, kanskje allereie til helga eller i neste veke, seier varabrannsjef i Bergen brannvesen, Karl-Otto Nesdal til NRK.no.

Med unnatak av laurdag 2.mai, viser langtidsvarselet for Bergen og andre stader i Hordaland at det er meldt stort sett strålande sol med temperaturar opp i mot 16 grader dei neste ni dagane.

– Det er akkurat i periodar med sol og varme temperaturar at det er veldig lett for at bar eld ute av kontroll fyk som laupeeld på overflata, og kan spre seg over store områder på veldig kort tid, seier Nesdal.