Les og:
Les og:
Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen sa i går at det neppe vert vanskeleg å få fellingsløyve på bjørnen som er på ferde i fylket.
Og i dag får han ein søknad frå Viksdalen beitelag på bordet, med ynskje om eit interkommunalt tiltak.
Fleire stader
- Det er snakk om organisere eit fellingslag for det er ikkje alle som bør gå ut på jakt etter ein bjørn. Vi bør organisere interkommunalt for ein dag er dyret her, men neste dag er det kanskje på Jølster eller i Fjærland igjen, seier Hage.
- Me skal ha eit samråingsmøte på det i dag, legg ho til.
Ville vore redd
Ho seier situasjonen er alvorleg no, ikkje berre for saueeigarane.
- Sjølvsagt er det alvorleg for oss som eig sauer, men eg ville no kvidd meg som vanleg fotturist i fjellet no. Å stå auge til auge med ein bjørn er ikkje berre berre, seier ho.