Hopp til innhold

Sogndal trur på publikumsrekord

Berre timar før kvalifiseringskampen mot Aalesunds FK, trur arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad på publikumsrekord for Sogndal.

Fosshaugane Campus

Det er større interesse for kvalifiseringskampen mot Aalesunds, enn det var for cupkampen mot seriemeister Stabæk.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Publikumsrekorden skriv seg frå 13. august 2006 då 3.751 tilskodarar tok turen for å sjå oppgjeret mot akkurat AaFK. Kampen den gang enda 2-2.

- Det hadde vore utruleg moro om vi tok publikumsrekorden. Om vi ikkje klarer det, så vil vi vere veldig nærme, seier ein godt nøgd Heggestad.

Trur på rekord

Sogndal har merka stor pågang og rift om billettane til dagens kvalifiseringskamp. Då NRK snakka med Heggestad klokka 13, var det att berre 18 ledige sitteplassar.

- Når desse er selde, og AaFK har selt sine på Sogningen, så har vi selt 3.463 billettar. I tillegg har vi 300 ståplassar. Og vi veit at det på kampdagen blir selt 200-300 billettar, seier Heggestad.

Ikkje kvardags

Den mest besøkte kampen i år, var cupoppgjeret mot Stabæk. Kampen vart sett av 2.250 tilskodarar.

- Vi merker at det er ein spesiell kamp. Dette er noko heilt anna enn det kvardagslege vi har vore vande med dei siste åra. Men vi skal få inn alle som vil, seier Heggestad.

Stor pågang

- Vi har definitivt selt billettar til heile fylket. Fredag kveld selde eg mellom anna billettar til nokre i Leirvik. Elles har billettane gått i alle himmelretningar, seier Heggestad og legg til:

- Det har også vore stor pågang utanfrå fylket. Mellom anna frå andre sida av Hemsedalsfjellet. Vi har mange supportarar frå Hemsedal, Gol, Hol og Geilo.

- Kanonbra

- Alt vitnar om at dette blir eit kjempeopplegg. Det er god temperatur, og det blir det i kveld også. Eg var nett ute på matta og den var kanonbra, seier Heggestad.

Kampen mot Aalesund byrjar klokka 19 og blir sendt direkte på NRK P1 i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Kampen kan du også høyre på nettradioen , eller følgje på NRK Sporten si tekstoppdatering .