Hopp til innhold

– Ufatteleg godt

Ole Jørgen Halvorsen sette ord på korleis sogndalspelarane følte det etter 2-0 over Moss.

Ole Jørgen Halvorsen

Ole Jørgen Halvorsen putta på straffe.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han scora sikkert på straffe, før ein strålande opplagt Barry Kader vippa inn 2-0 målet og gjorde slutt på ein tung motgangsperiode for Sogndal.

Sogndal har funne att vinnarmelodien og slo eit ultradefensivt mosselag 2-0. Ole Jørgen Halvorsen, straffe, og Barry Kader stod for måla i ein kamp der Sogndal dominerte helit.

Særleg i andre omgang varta heimelaget opp med angrepsspel av godt merke. Med ein svært så pigg og opplagt Barry Kader og hardt arbeidande Henrik Furebotn i spissen skapte laget den eine store sjansen etter den andre.

– Dette gjorde ufatteleg godt. Moss låg langt tilbake og forsvarte seg godt, men eg følte meg sikker på at me sklle få hol på byllen til slutt. Herleg å scora igjen, seier Ole Jørgen Halvorsen som var sikker frå 11-meteren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barry Kader

Barry Kader putta 2-0-målet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Me mangla den siste finishen i første omgang, men eg håpar dette var omslaget til betre offensiv fotball frå vår side. Sigeren smakte verkeleg, seier Halvorsen. For det var eigentleg aldri nokon tvil om at Sogndal skulel ta alle tre poenga. Til tider dominerte heimelaget totalt.

Letta Aabrekk

Trenar Harald Aabrekk var både glad og letta etter kampen. Etter ein vanskeleg periode for laget, kan tomålssigeren over Moss bety eit vendepunkt.

– Dette var svært fortent, og spelarane jobba hardt for denne sigeren. Og jammen var Håvard Flo viktig for oss igjen. Hans inntreden etter kvilen hadde nok ein del å seia, meiner Aabrekk som også kom med lovord til yngstemann på bana, Gustav Valsvik.

– Moss forsvarte seg godt med så godt som 8-9 spelarar på eigen halvdel heile kampen. Men til slutt karte me å bryta ned forsvarsmuren deira. Det gjorde inderleg godt, seier sogndaltrenaren. Han er likevel klar på at innleggskvaliteten før pause ikkje var god nok, og at det må vera tøff vilje inne i feltet når sjansen byr seg.

Dette betra seg etter kvilen, og er noko me jobbar med heile tida, seier Aabrekk.

Tungt skyts

For Erik Holtan har møte med Fosshaugane bydd på fleire nedturar som keeper for Odd Grenland. I dag er han trenar for eit ungt mosselag.

– Det bur mykje godt i denne gjengen. Før pause klarte me å stå i mot, men eg såg at då Håvard Flo entra bana, vart de i tøffaste laget for nokre av 17-18 åringane våre bakerst. Sogndal på Fosshaugane er aldri lett, og dei vann sjølvsagt helit fortent, var trenar Holtan sine ord etter kampen.

At sigeren ikkje vart større var nær uforståeleg på slutten. Espen Olsen, Halvorsen, Lars Grorud og Håvard Flo var svært nær å auka leiinga etter store sjansar. Men det viktigaste for Sogndal i dag var siger og tre poeng.

På spørsmål frå NRK om Sogndal klarar opprykk, var Harald Aabrekk heilt klar.

– Eg har trua, men om me klarar det er noko heilt anna. Det er langt fram, avsluttar sogndaltrenaren.