Det store spørsmålet før kampstart mot Jerv i kveld var om Sogndal ville makta å nullstilla seg etter den forvitnelege 4-0-sigeren over Brann i Bergen på søndag.
Den tamme opninga bar preg av at Sogndal iallfall ikkje undervurderte overraskingslaget frå Grimstad: Sogningane tok ingen sjansar framover, og det fyrste kvarteret var tamt og sjanselaust begge vegar.
- Les òg:
- Les òg:
Søvndyssande opningshalvtime
Fyrst etter tjue minuttar kom den fyrste målsjansen i kampen. Sogndal fekk frispark frå cirka 25 meter. Petter Strand svinga hardt innover, og Christophe Psyche var centimeter frå å tuppa ballen i Jerv-målet.
Det neste kvarteret var ein lang geisp.
Men så – i det 36. minuttet – dunka Jerv sin Omoijuanfo ballen i krysstolpen frå ti meter. Sogndal var heldige som ikkje låg under 0-1 ved pause.
Brann-helten gjorde det igjen
Starten på den andre omgangen var heller ikkje noko fyrverkeri, men så – i det 52. minuttet – skjedde det som ofte skjer med storskårarar: Tremålsskåraren frå Brann-kampen, Kristian Fardal Opseth, som hadde vore usynleg i store deler av den fyrste omgangen, fekk ein pasning frå Petter Strand på sju meter og dunka ballen i tverrleggjaren og ned. 1-0 til Sogndal.
Etter skåringa kontrollerte heimelaget kampen. Jerv makta ikkje å bryta gjennom forsvarsmuren til Sogndal, før i det 83. minuttet der Jervs Andreas Hagen var farleg frampå med ei avslutting like over Sogndal-målet.
Poengtap
Men det som såg ut til å bli ein slitesiger til Sogndal, enda med 1-1 og poengtap på overtid. Ei kanonkule frå Nils Petter Andersen frå 30 meter gjekk i nota bak Sogndal-keeperen, og det blei brått heilt stille på Fosshaugane.