Hopp til innhold

Sogndal mot Nybergsund på NRK

I dag brakar det laust på Nybergsund stadion. NRK sender kampen mellom Sogndal og Nybergsund IL direkte frå klokka 15.00 søndag.

Sogndal

Sogndal er klar til kamp mot Nybergsund på Nybergsund stadion søndag. Kampen vert sendt direkte på NRK 1.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndalspelarane reiste austover laurdag morgon for å gjere seg klare til kampen på Nybergsund stadion.

- Vi skal knuse dei

- Trur det vert ein veldig god kamp. Vi har eit godt tak mot Nybergsund borte så eg trur vi skal knuse dei ganske greit, seier Ulrik Flo i eit reisebrev spelarane har laga før kampen.

Det kan du sjå på sogndalfotball.no .

Dette vert den niande kampen mot dette laget, og Sogndal har enno ikkje gjeve frå seg mange poeng mot dette laget.

Utfordrande kamp

Ole Jørgen Halvorsen var den som sikra poeng for Sogndal då dei sist møtte Nybergsund. Den gongen var det på heimebane, og resultatet vart 1-1.

Halvorsen fortel i reisebrevet at han trur kampen søndag vert tøff.

- Det vert ein tøff match. Men eg tippar at Sogndal vinn 2-1, seier han.