Sogndal Fotball har fått sju millionar kroner frå det fylkeskommunalt styrte INU-fondet til byggnig av den siste tribuna på Fosshaugane Campus.
- LES OGSÅ: Kan få millionstøtte til tribune
Då Fylkesutvalet gjekk inn for å gje ytterlegare fire millionar i støtte, synest det klappa og klart at fotballklubben ville få pengar til å sjølve bygge tribuna, men dengong ei, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.
– Det var juristane våre som slo alarm. Så sette vi eksterne juristar til å vurdere saka. Rådet vi fekk tilbake var at vi her måtte passe på og halde oss innanfor regelverket, seier han.
Sette foten ned
Sogndal Fotball sin avtale er nemleg for gullkanta til at EFTA sitt kontrollorgan ESA kan godta den.
Juristane meinte ESA ville sjå på tilskotet som konkurransevridande, og dermed stogga avtalen.
Klubben må leige
Difor har både fylkesutvalet og styret i Sogndal Fotball gått med på fylket skal eige, og Sogndal Fotball leige tribuna.
– På byggekostnaden på rundt 11 millionar vil vere normal forrentning på husleiga. Sogndal slepp å betale husleiga på det som er ein såkalla bagatellmessig støttedel. I løpet av ein tre-års periode utgjer dette nokre millionar, men ikkje det tilskotet vi hadde ønska i utgangspunktet, seier Øhlckers.
- LES OGSÅ: Taper minst 1 mill. utan ny tribune
– Den beste måten
Styreleiar i Sogndal, Gunnar Solbakken, vedgår at dette blir langt dyrare enn dei hadde håpa, men meiner løysinga ikkje er eit skår i gleda.
– Primærønsket vårt blei ikkje oppfylt, men ut frå reglane er dette den beste måten å løyse saka på, seier Solbakken