– Dette kan skape trafikkfarlege situasjonar, seier fagansvarleg for utekontrollar bergensområdet, Tom Børslid.
Det var tysdag denne veka at situasjonen oppstod på E16 i Hordaland ved Romslo. Eit skilt opplyste om kontroll av alle køyretøy som passerte på europavegen aust for Bergen. Men ein bilist bestemte seg for å snu bilen på staden og heller køyre motsett veg.
Det gjekk ikkje heilt etter planen.
– Ein gjengangar
For i det bilisten skulle snu seg rundt hekta tilhengjarfestet seg fast i autovernet. Bilen vart ståande bom fast, tvers over køyrefeltet på den sterkt trafikkerte E16.
Om det var køyretøykontrollen 250 meter lenger framme bilisten ville unngå, er ikkje kjent. Men slike snuoperasjonar er ikkje noko nytt for Statens vegvesen sine kontrollørar.
– Vi opplever av og til at folk snur før ein kontroll, men det er ikkje alltid vi får det med oss. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Børslid.
- LES OGSÅ: |
Nokre ventar til kontrollen er over
Slike manøvreringar kan difor vera eit større problem enn Vegvesenet er klar over. Samstundes opplever dei at nokre førarar parkerer bilen i trafikklommer og ventar til kontrollane er ferdig.
Dette blir ofte fanga opp ved hjelp av tips frå andre trafikantar.
– Då reiser vi for å sjekke dei som står i lommene. Vi ser at det bilistane informerer kvarandre om at det er kontroll, spesielt blant utanlandske køyretøy. På den måten kan dei stogge og vente i trafikklommer, forklarer Børslid.
- LES OGSÅ:
|
Han er veldig glad for årvakne bilistar som gir beskjed.
– Her om dagen fekk vi eit tips om alvorleg brot på køyretid. Då spora vi opp personen det gjaldt og avdekka eit skikkeleg brot. Så vi følgjer ofte opp tipsa vi får og det viser seg at dei som oftast stemmer. Folk reagerer og tipsar oss; det er veldig bra, avsluttar Børslid.