Hopp til innhold

Fullstendig snøkaos på vegane

Vêrforholda i morgontimane har forseinka trafikken og skapt problem for bilistar i heile fylket. Snøfallet gjer det hektisk for Vegtrafikksentralen.

Snøkaos i Førde

KAOS: Dårleg brøyting har skapt problem for fleire bilistar i fylket. Her frå ein veg i Førde der trafikken stod i over ein time før utfordringane blei løyst.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Utfordringane har hopa seg opp for bilistar og brøytemannskapar over heile fylket.

I Gulen var det mykje trafikk på vegane før brøytemannskaper fekk brøyta over alt.

– Det er bra no, men det var ikkje bra då rutene skulle gå i sekstida, seier bussjåfør Arve Mjømen.

– Ambulanse kom slengande i snøen

Mjømen fekk også telefon frå ein annan bilist som kunne bekrefte at vegane var dårlege.

– Han fortalde om ein ambulanse som kom meir eller mindre slengande ned vegen frå Andeland i 20 centimeter snø, seier han.

(artikkelen held fram under biletet)

Bil av vegen ved Hjellbrekkefeltet på Vassenden.

AV VEGEN: Det vart for vanskeleg å halde seg på vegen for denne bilen ved Hjellebrekkefeltet på Vassenden i Jølster.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Mjømen fortel at ambulansen var på veg for å hente pasientar. Då den returnerte ein time seinare var det enno ikkje brøytt, får NRK opplyst.

– Det er veldig trasig om dette gjentek seg. Det må brøytast tidlegare, seier Mjømen.

Avviser kritikken

Brøytemannskapet som har ansvar for å rydde fylkesvegen mellom Sløvåg og Byrknes i Gulen avviser kritikken frå Mjømen.

– Vi hadde folk ute som brøyta frå klokka halv tre. Klokka kvart på seks hadde vi tre mann ute som rydda alle vegane til ti over åtte, seier Stein Inge Larsen, administrerande direktør i Byrknes Auto.

Han meiner ambulansen var uheldig som køyrde i eit område som mannskapet ikkje hadde rekt å brøyte. Ekstremt snøfall gjorde det vanskeleg å rekke alt på ein gang, meiner Larsen.

Før vi kan brøyte må snøen komme ned. Brøytemannskapet har gjort ein fantastisk jobb under veldig vanskelege forhold, seier han.

Noko av det som har skjedd på vegane i morgontimane:

  • Trafikkuhell i Norddalsfjorden i Flora.
  • Tre skadde i biluhell ved Avenbukta i Høyanger.
  • Bil av vegen ved Vassenden i Jølster.
  • Bil av vegen mellom Sandane og Hyen.
  • Vogntog i grøfta mellom Hella og Leikanger.
  • Møteuhell på E39 ved Helgheim i Jølster.

– Dårleg i Nordfjord og Sunnfjord

På Vegtrafikksentralen i Lærdal har dei i morgontimane tatt telefonar frå bilistar i heile fylket som klagar på dårleg brøyting.

– Det begynte tidleg i dag med klager på at det var dårleg brøytt både i Nordfjord og Sunnfjord, seier vaktoperatør Kjetil Molvær.

(artikkelen held fram under biletet)

Problembil

FAST: Snøen fekk fleire til å slite med å komme seg fram i morgontimane. Her frå Flatene i Førde.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Han kan bekrefte at denne morgonvakta har vore av dei mest hektiske for Vegtrafikksentralen denne vinteren.

– Det har ikkje vore ekstremt, men ganske bra med telefonar til oss, seier Molvær.

Kaos i Førde

I Førde stod trafikken bom fast på Flatene, ein godt trafikkert sideveg til E39, rundt klokka åtte i dag.

– Det er kaos, seier Lars Digernes, ein av brøytemannskapane som hadde den travle jobben med å lose bilistar vidare på vegen.

I nær ein time stod fleire oppgitte trafikkantar som allereie var for sein til jobb.

– Eg er fortvila. Kommunen må brøyte litt tidlegare. Det er for seint å starte klokka åtte om morgonen, seier Steinar Strømsli som allereie var førti minutter for sein til arbeid.

Brøytemannskap

MYKJE ARBEID: Lars Digernes var ein av brøytarane i Førde som starta dagen med å ordne opp i trafikkaos.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK