Hopp til innhold

Smia i Vik må flyttast

Riksantikvaren vil ikkje frede den omstridde smia i Vik.

Smia i Vik

Smia i Vik

Foto: Arve Uglum / NRK

Kommunen gjekk til høglytte protestar inn for å rive den gamle smia for å la Sognekraft byggje på tomta.

Saka har lenge stått uoppgjord i påvente av Riksantikvaren si avgjerd.

No opnar Riksantikvaren for at smia kan bli flytta.

Det er Sognekraft som ønskjer å byggje nytt administrasjonsbygg på tomta der smia står, men skal dei bygge ønskjer dei òg å ha moglegheit til å kunne fjerne smia i framtida. Eigarane av tomta har ønskt å selje til Sognekraft, medan eigaren av sjølve smia, Ingebjørg Skjerven, korkje har ønskt å rive eller flytte.

Nøgd med avgjerda

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, er nøgd med avgjerda til Riksantikvaren om å flytte smia fordi det er i samsvar med det kommunen sjølv har arbeidd for i saka. Han seier kommunen si hovudoppgåve framover vil vere å finne ei alternativ tomt til smia.

Bygget Sognekraft ønskjer å utvide på den noverande tomta kan romme 50 arbeidsplassar, og for Vik kommune er det eit sentralt argument.

– Det er viktig for ein utkant-kommune å kunne tilby kompetansearbeidsplassar, seier rådmannen.

– Nest best

Styreleiar i fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Halvard Trohaug, tykkjer derimot det er synd at det er kulturminneverdiane som må gje tapt i denne saka. Han seier det alltid er best å bevare eit slikt kulturminne på staden der det opprinneleg har stått, men legg til at ei flytting er betre enn at det går fullstendig tapt.

– Me håpar at både kommunen, Riksantikvaren og ikkje minst Sognekraft, vil setje ressursar inn slik at dette kan skje på ein god måte, seier han.

– Glad

Administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, seier at diskusjonen rundt smia har ført til uvisse i selskapet sine planar om utbyggjing. No er han glad for at Riksantikvaren har konkludert med at smia i Vik ikkje skal fredast.

– Moderne utvikling må òg ha sin plass i bygdesamfunnet, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.