Hopp til innhold

Sluttar som distriktsredaktør

Rolf Sanne-Gundersen har i dag sagt opp jobben som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Rolf Sanne-Gundersen

SLUTTAR: Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen orienterte i dag sine tilsette om at han sluttar i jobben.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sanne-Gundersen orienterte i dag sine tilsette om at han skal over i ei ny stilling i det private næringslivet.

48-åringen har gått gradene i NRK-systemet. I 2004 tok han til som redaksjonssjef, før han i 2009 vart den fjerde distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane.

– Eg fekk tilbodet måndag, og har nesten ikkje sove sidan. Det er trist. Eg har stortrivst som leiar på kontoret, men samstundes føler eg det er rett å prøve noko nytt, seier rogalendingen.

Lokalt eigd

Sanne-Gundersen skal byrje i Bano, som driv med baderomsløysingar.

Selskapet har fabrikk og administrasjon på Sandane, som er eigd av Torbjørn Olseth frå Atløy og Roy Elsayed frå Stongfjorden.

– Det blir noko heilt nytt og ei ny utfordring for meg som har arbeidd med journalistikk heile livet. No har eg vore leiar i NRK i mange år, så då eg fekk mogelegheit til å prøve meg som leiar i det private næringsliv, så ville eg prøve det før eg er for gammal, seier 48-åringen.

Overraskande melding

Arne Stubhaug

KLUBBLEIAR: Arne Stubhaug.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Klubbleiar Arne Stubhaug seier meldinga kom overraskande på dei tilsette.

– Rolf har vore ein god sjef og betydd veldig mykje for kontoret. Han kjenner NRK-systemet, er ein sjef som vil noko, som veit kva han vil og er tydeleg på det, seier Stubhaug og håpar NRK-leiinga raskt kjem i gang med tilsettingsprosessen.

– Kva meiner du bør vektleggast ved tilsetting av ein ny distriktsredaktør?

– Eg tenkjer det som viktig å få ein som er litt som Rolf. Som er tydeleg og veit kva han vil. Som er avgjerdsdyktig, noko Rolf har vore til gagns. Det må vere ein som kan dra kontoret framover.

Vil skape verdiar

Sanne-Gundersen har heile livet arbeidd innan journalistikk, med erfaring frå Firda, TV2, Dagbladet, Sogningen Sogns Avis og Firda Tidend.

Han har også vore innanrikssjef i Dagsrevyen, prosjektleiar for nye NRK2 og prosjektleiar for NRK si valdekning i 2011.

– Samstundes har eg hatt lyst til å vere med å skape verdiar. Bano er etablert i Sogn og Fjordane, har gått litt mot straumen og flytta administrasjonen til Sandane, og driv verksemd også utom landegrensene. Det er eit spennande selskap i vekst, og det blir spennande å sjå om eg kan medverke til eit løft framover, seier 48-åringen.

– Ikkje uerstatteleg

– Eg treng tid til å setje meg inn i bransjen, produkta og tenkje på ein heilt annan måte. Botnlinjefokus har ikkje vore mitt fokus siste åra. Det blir spennande og utfordrande, legg han til.

Sanne-Gundersen vedgår det blir trist å slutte som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

– Men det blir godt å kunne gå ut av dørene og vite at det er eit velfungerande kontor med flinke tilsette. Eg har alltid hatt som mantra, sidan dette er eit rekrutteringskontor, så er ingen uerstattelege. Det er definitivt ikkje eg heller, avsluttar han.