Sidan i fjor har bilistar måtte smøre seg med tolmod medan vegen har vore stengd i inntil to timar mellom Torvund og Teigen.
- LES OGSÅ:
Spreningsarbeid
Årsaka bygginga av ny veg og ny tunnel som skal erstatte dagens smale og svingete trasé over Torvundhøgda.
På grunn av sprenging, masseflytting og sikringsarbeid såg Statens vegvesen det naudsynt å stenge vegen for å kunne gjere jobben på ein sikker og forsvarleg måte.
Nyleg hadde ein gjennomslag i tunnelen, og no ser Vegvesenet seg ferdige med langstengingane.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Takkar bilistane
– Statens vegvesen ønskjer å takke trafikantane for at dei har vist stort tolmod, seier byggjeleiar i Statens vegvesen Sverre Måge.
E39 har hatt langstengingar tre til fire gonger i veka det siste halve året.
– Det vart tidleg bestemt å avslutte ordninga før ferietrafikken byrja å rulle på E39, og 15. juni er siste dagen med denne typen langstengingar, seier Måge.
Opprustinga av vegstrekka mellom Vadheim og Lavik starta hausten 2009. Prosjektet til 371 millionar kroner blir opna mot slutten av 2012.