Hopp til innhold

Sliten, men slagferdig

Sondre Lerche kom nettopp med sitt fjerde album, men er på ingen måte tom for idéar.

Det er ein sliten, men som alltid imøtekomande og blid Sondre Lerche nrk.no møter i Bergen.

Lerche er plateaktuell att. Måndag 19. februar vart det siste studioalbumet hans, ”Phantom Punch, gitt ut i Noreg. Slikt tek på. 24-åringen har vore her og der i norske media dei siste vekene.

– Det går slag i slag med promotering. Slitsamt, men morosamt også, sjølvsagt, smiler han, nesten litt tappert.

Veldig nøgd med resultatet

Diskografien til 24-åringen frå Bergen tel allereie fire album.

I fjor, på ”Duper Sessions”, møtte vi ein Sondre Lerche som med vasskjemba hår og mjuk og sentimental røyst lefla med jazzen.

”Phantom Punch” vart til samstundes med ”Duper Sessions”, dvs. under USA-turnéen i 2004-05, men denne gongen er det lyden av ein meir energisk og kontant Sondre Lerche vi får høyre, ein Sondre Lerche som orienterer seg langs rockelagde spor.

Og hovudpersonen er lukkeleg over resultatet.

– Eg er veldig nøgd med "Phantom Punch". Albumet hadde aldri vorte gitt ut viss eg ikkje stod 100 % inne for det, seier Lerche på ein måte som gjer det lett å tru at han meiner det.

Sondre Lerche
Foto: Bernt Ove Flekke / NRK

Ein meir moden Lerche

I nokre av tekstane på albumet kan ein også registrere ein meir moden, vaksen og reflektert Lerche.

Resultatet av ein naturleg prosess, meiner han sjølv.

– Det er naturleg at eg har utvikla tekstane sidan førsteplata (”Faces Down” (2001), red.anm), eg var jo tenåring då ho vart til.

Lerche bur delvis i New York og har reist mykje i USA dei siste åra. Det har gjort engelsken hans betre og kanskje gitt tekstane større djupne, trur han

– I USA lyttar dessutan publikum meir til tekstane enn dei gjer her til lands. Det har kanskje motivert meg ekstra i tekstfasen, seier Sondre, som alltid lagar melodiane først og tekstane sist.

– Ikkje så oppteken av salstal

Så spørst det om det platekjøpande publikummet spring til platebutikken og kjøp bergensaren sitt siste bidrag til musikkhistoria.

Lerche sjølv meiner han ikkje er oppteken av talet på plater han sel.

– Det er veldig hyggjeleg å verte høyrt og kjøpt, eg ønskjer jo å nå flest mogeleg. Dessutan er det viktig for ”bisnissen”.

– Samstundes er det heilt avgjerande for meg å halde den kunstneriske integriteten i hevd, at kommersielle omsyn ikkje verkar inn på eller øydelegg den prosessen det er å lage ei plate.

Han meiner det er nok av dømer i dagens musikkbransje på nasjonale og internasjonale artistar som bryr seg meir om kvantiteten på salstalet enn kvaliteten på dei det lagar.

Lerche har det ikkje i seg å tenkje slik.

- Viss eg skulle lage eit album som eg trudde ville selje, hadde det truleg seld mindre enn dei som eg faktisk har laga. 

Positive reaksjonar

Sondre Lerche - Phantom Punch
Foto: Promo

Det norske musikkpolitiet sine reaksjonar på "Phantom Punch" har stort sett vore vore positive eller veldig positive.

Pressa i heimbyen, representert ved Bergensavisen og Bergens Tidende, gjev begge fem poeng av seks mogelege.

Noregs største avis, VG, trilla fem på terningen sin, medan Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen delte ut ein 4-ar på sine avissider.

NRK Lydverket var derimot berre sånn passeleg nøgd -

Lerche tykkjer han vert godt motteke av norske media, men er ikkje like nøgd med alle vurderingane som ligg til grunn for dei gode karakterane.

– Eg fekk ein del 5-arar for dei to første platene mine, men det som stod i dei meldingane var ofte "litt på jordet".

Snart til Indonesia

"Phanton Punch" vert utgitt i over 20 land. Snart reiser ut Sondre og bandet The Faces Down ut i verda for å spele nye og gamle songar

Først to konsertar i Indonesia, der han mellom anna skal opptre på Soundshine Festival i hovudstaden Jakarta.

Deretter står USA endå ein gong for konserttur. Til saman 16 byar er oppført den amerikanske turneplanen. Med på lasset vert den 22 år gamle amerikanske singer-songerwriteren Willy Mason og vår eigen Thomas Dybdahl.

– Det lagast veldig mykje god musikk i Noreg, og det er svært mange bra artistar i landet. Thomas høyrer til desse, så eg ser verkeleg fram til at han skal vere med på turnéen.

Slit i England

Lerche legg også ut på turne i Europa i løpet av året. Fram til no har responsen på sisteplata vore best i Frankrike - utan at Lerche har noko fullgod forklaring på det.

 

 

Eg har gjort mange konsertar der, men responsen frå publikum har nærast vore like null. Då mistar eg også mykje av motivasjonen for å prøve att.

Sondre Lerche om å slå gjennom i England

I England, som er den viktigaste europeiske musikkmarknaden, slit Sondre Lerche med å så gjennom.

Han tykkjer det er vanskeleg å få med seg engelskmennene.

- Eg har gjort mange konsertar der, men responsen frå publikum har nærast vore like null. Då mistar eg også mykje av motivasjonen for å prøve att.

Litt tid til å vere ektemann

I april står han på norske konsertscener att. Først i Kristiansand den 18, så i Trondheim den 20., så i Bergen, den 28. Fleire stader og datoar kan kome til seinare.

Slutten på intervjuet nærmar seg, Sondre må vidare til neste. For å snakke meir om sisteplata, for å snakke meir om musikk.

Det er det stort sett handlar om for Sondre Lerche: musikk - laga han, prate om han, spele han.

- Når eg ikkje driv med musikken, prøver eg å få tid til å vere ektemann, seier Sondre, gift med Mona Fastvold som han møtte under innspelinga av ein av musikkvideoane sine.

- Ja, og så å gå kino, då, avsluttar han.