Hopp til innhold

Slit med idrettsanlegg i forfall

Friidretten i Sogn og Fjordane har store problem med å finne anlegg til konkurransar. Dei fleste banene er enten forfalne, mangelfulle eller begge deler.

Video FRIIDRETT-200810-SF1840MPEG-4_SF.mp4

Sjå TV-saka om dårlege og slitte friidrettsanlegg i Sogn og Fjordane.

Per i dag er det berre eitt fullverdig friidrettsstadion i fylket.

Sindre Rørvik

Friidrettstalentet Sindre Rørvik har dårlege treningsforhold på Sogndal stadion (arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim / NRK

Sindre Rørvik har teke 20 medaljar i nasjonale friidrettsmeisterskap, meir på tross av enn på grunn av treningsforholda han har på Sogndal stadion. Bana var ny midt på åttitalet, men dei seinare åra har forfallet fått rå.

– Det raude toppdekket er slite heilt vekk. No er det berre svart gummi igjen og det er veldig glatt når det er vått.

LES OGSÅ: På medaljejakt i friidretts-NM

Rehabilitering på Byrkjelo

Og Sogndal stadion er slett ikkje unik. Dagleg Leiar i friidrettskrinsen, Narve Heggheim, seier friidretten i fylket no er nede i eit absolutt minimum når det gjeld anlegg.

– I år har det vore ein spesiell situasjon for friidretten i og med at Byrkjelo stadion som er veldig mykje brukt, er under rehabilitering. Det har teke meir tid enn det som var tenkt, så vi har store problem med å få gjennomført arrangementa våre. Når det gjeld spesielt kastøvingane, så har vi per i dag berre eitt anlegg som stettar krava.

Kastbur ute av stand

Byrkjelo er det stengt på grunn av ombygginga før dei skal arrangere NM og i Førde er kastburet ute av stand. Dermed er det berre Florø som i dag har eit fullverdig friidrettsanlegg.

– Vi ser at at i Førde, Florø og Byrkjelo er kommunane flinke med vedlikehald. medan andre anlegg andre stader er i sterkt i forfall.

Dårleg i Sogn

Sogndal stadion

Dekket på Sogndal stadion er svært slitt.

Foto: NRK

I Sogn er situasjonen temmeleg dyster. Sogndal og spesielt Øvre Årdal har vore gode anlegg med solide arrangementstradisjonar, men det er lenge sidan no.

– Her er det vanskeleg å arrangere stemne utover reint klubbasert trening fordi anlegga er for dårlege. Eg veit at ein del kommunar har planar for rehabilitering, men det byrjar å haste med å få anlegg betre.

Bør ha fem-seks anlegg

Med oppbygging av delanlegg som passar godt til trening både i Hornindal og Lærdal meiner Heggheim at situasjonen ikkje er heilsvart, men at det likevel skortar kraftig på konkurranseanlegg.

– Vi bør ha fem-seks fullverdige friidrettsanlegg i fylket.

Pengane er langt vekke

I så måte ligg Sogndal best an i løypa. Planane for rehablitering av Sogndal stadion er klare, men ordførar Jarle Aarvoll må innrømma at pengane er langt unna.

– Reguleringsplanen er klar. Det vil bli sendt søknad om tippemidlar i løpet av 2010. Men det kan gå opp mot fem år før vi får pengane. Og det er ei grense for kor mykje vi kan forskottere for at vi skal få tippemidlar.

Kan bli veldig dyrt

Og akkurat det er eit stort problem. For slik dekket er på fleire anlegg er no kan det reparerast for rundt 700.000 kroner. Ventar ein blir det mykje dyrare, seier Heggheim.

– Dersom alt må takast igjen, kan det fort koste to- tre millionar kroner. Det er absolutt at det blir teke rimeleg raskt. For anlegge i Sogndal og Årdal brenn det nok eit blått lys.

Og at det blå lyset brenn kan Sindre Rørvik sriva under på. Dekket han trenar på er snart like svart som det er raudt. Det betyr at grunnlaget er i ferd med å bli øydelagt.

– Dette kan bli dyrt å reparere.