Hopp til innhold

Slik vert det nye rådhuset - neste veke flyttar ordføraren inn

Byggearbeidet for det nye rådhuset i Førde er i sluttfasen. Bygget til over 200 millionar kroner har vore omstridt. Måndag flyttar ordførar, rådmann og andre tilsette inn.

– Det er litt av ei utsikt. Her kjem den nye konsertplassen, seier prosjektleiar Fredrik Frøyland.

Ei gravemaskin jobbar for fullt, medan anleggsarbeidarane spring fram og tilbake for å hamre, skru, grave og rydde.

Dette er synet utanfor det nye rådhuset i Førde, når Frøyland viser oss rundt på tomta.

Litt stressande sluttfase

Sjølv om det ser ut som at det er mykje igjen å gjere ferdig, meiner Frøyland at dei er i rute.

– No i dag er vi i full gang med å rydde. Dette er moro. Entreprenøren står på og jobbar for å få dette til. No flyttar rådmann og ordførar inn som dei første, og det blir 2. september. Vi er i rute, men vi er heilt på tampen, seier Frøyland.

Og Frøyland innrømmer at det er litt stressande no i sluttfasen.

– Det vil det alltid vere med eit så stort bygg, og med ei så kort byggjetid som vi har hatt på dette prosjektet, så må vi nesten rekne med det, seier Frøyland.

Forskjellige meiningar om bygget

På anleggsområdet høyrer vi med forbipasserande kva dei meiner om det nye rådhuset.

– Eg tykkjer det er veldig fint. Det er flott uteplass, ei stor opning slik at eg føler eg vert soge inn i bygget. Det er vel bra, seier Berit Hovland.

Men ikkje alle er like overstrøymande.

– Bygget er all right. Men plasseringa og heilskapen som ein gjer her i Førde kommune, tykkjer eg ikkje er heilt bra, meiner Lidvald Holsen.

Lill Olsen er heller ikkje heilt nøgd.

– Eg tykkjer det er fælt. Eg tykkjer det er trasig at dei skal byggje så kjempestore, monumentale bygg. Eg likar små, låge trehus, seier Olsen.

Trur dei tilsette vil gle seg

Men fleire av dei yngre forbipasserande, er ganske nøgde med bygget som har reist seg eit steinkast frå Jølstra.

– Eg tykkjer i grunn det er ganske fint. Det ser ganske nytt ut, og eg tykkjer det er ganske stilig, seier Skare Moe.

Prosjektleiaren er ganske sikker på at dei som skal halde hus i bygget, kjem til å gle seg til å gå på jobb.

– Dette er eit nydeleg bygg på alle måtar. Det er topp moderne kontorbygg, det er flott uteplass. Det blir heilt suverent å komme til dette som ein arbeidsplass, seier Frøyland.