Hopp til innhold

Slik vart ferjekø i Lavik til sang

Ein turné med Finn Kalvik og Øystein Sunde, var det som skulle til for at Lillebjørn Nilsen laga sang om ferjekaien på Lavik.

Lavik ferjekai

VART SONG: Ikkje mange ferjekaier som kan skimte med song.

Foto: Olga Wergeland / NRK

På grunn av Norsk Country Treff på Breim, åtvarar Statens vegvesen mot køar og ventetid på ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39.

Ein som fekk eit inspirerande møte med ferjekøen på Lavik, var den kjende visetrubaduren Lillebjørn Nilsen. I 1979 skreiv han låta "Bysommer" frå 1979, der han prisar bylivet om sommaren, med ferjekøen i Lavik som det motsette.

Erfaringa frå vel 30 år attende, inspirerte Lillebjørn Nilsen til nett det.

Lillebjørn Nilsen i sin garderobe i Olavshallen.

I LAVIK: Opphald i ferjekøen på Lavik inspirerte Lillebjørn Nilsen.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Ein har reist fram og tilbake, på kryss og tvers, av dette landet i veldig mange år. Ei tidleg oppleving, på turné med Øystein Sunde og Finn Kalvik, eg trur det var på 70-talet, var ei veldig lang ferjekø ved Lavik, seier Nilsen og dreg godt på ordet veldig.

– Det sette seg i minnet, kan du seie, ler Nilsen.

Misforstått på Austlandet

Låta er mellom Nilsen sine mest kjende låtar, og har på Austlandet skapt ein god del forvirring.

Kan du noen steder bedre ha det
enn i Oslo nå på sommer'n når de stressa folka
alle er forsvunnet til Mallorca,
eller sitter i en ferjekø ved Lavik?
Ja ved Lavik!

Lillebjørn Nilsen

Høyr reportasje frå ferjekøen i Lavik:

– Det er mange som blir litt lei seg. Austlendingane trur alt går føre seg i Larvik, men det er ei misforståing som det er greitt å klare opp i no. Det går føre seg i Lavik, seier han og skildrar både Lavik og Sognefjorden som vakker før han avsluttar:

– Hels alle i Lavik.

Inga ekstraferje

Men til helga er det på nytt venta ferjekø ved Lavik. Dog, utan Lillebjørn Nilsen. Statens vegvesen har gått ut og åtvara reisande mot både kø og ventetid for å komme over Sognefjorden.

For medan det er budsjettert med ekstraferjer i påska, blir det ikkje ekstraferje i samband med Norsk Country Treff på Breim.

– Det har med budsjett å gjere. Det kostar relativt mykje å setje inn ei ekstraferje, og det er det diverre ikkje økonomiske råmer som tillet, seier Jan Olav Wold, sakshandsamar for ferjesambandet E39 Lavik - Oppedal.