Hopp til innhold

Takka for tilliten med å bli matchvinnar

(Førde–Molde 1-0): Kristian Fardal Opseth fekk sin første kamp frå start for året mot Molde 2. Han takka like godt for tilliten med å sette inn den avgjerande scoringa for Førde.

Kristian Fardal Opseth

MATCHVINNAR: Kristian Fardal Opseth sette inn si andre scoring for sesongen mot Molde 2. Dermed sikra han Førde tre nye poeng i 2. divisjon avdeling 1.

Foto: Alf Vidar Snæland

Med fem kampar på 15 dagar vil trenar Knut Erik Folland rullere på laget for å unngå slitasje på enkeltspelarar.

Dermed var det for første gong i år duka for Kristian Fardal Opseth frå start. Med toppscorar Øystein Myrkaskog på benken. 23-åringen takka for tilliten med å bli matchvinnar.

– Det var ikkje det vanskelegaste eg har scora. Bana var humpete, så eg var mest nervøs for at ballen skulle treffe leggen og gå utanfor. Det var godt å sjå den gå i mål, fortel Fardal Opseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde slo torsdag Molde sine nest beste 1-0 i 2. divisjon fotball for menn.

SJÅ VIDEO: Førde slo Molde 2 1-0 på Førde stadion. (Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland)

Andre mål i år

Scoringa etter 25 minutt vart den einaste i 2. divisjonsoppgjeret på Førde stadion.

– Det var eit kanonskot frå Alexander (Ødegaard, red. anm.) som gjekk stong-stong, og det var ein grei jobb å pirke den i mål frå fem meter, gliser matchvinnaren etter å ha sikra sigeren med sitt andre mål for sesongen. Det første kom i 3-1-sigeren borte mot Skarbøvik.

Men sigeren over eliteserielaget Molde sine nest beste kunne fort blitt større.

– Burde vunne meir

– Dei var eit godt teknisk lag og hadde mesteparten av ballen, men kom seg ikkje til store sjansar. Dei var det vi som skapte, og vi skapte nok og store nok sjansar til putta fleire, seier Opseth.

– Burde du hatt fleire mål?

– Ja, eg burde nok hatt eitt eller to til. Men uansett kjekt å dra sigeren i land og unngå å få utlikninga på overtid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Knut Erik Folland var glad over tre nye poeng til Førde.

SJÅ VIDEO: Førde-trenaren nøgd med disiplane sine. (Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland)

Vart bytt ut

Fardal Opseth har i starten av sesongen slite med ein overtrakk og sjukdom.

– Eg kjende at eg ikkje er i form att. Utover kampen klarte eg ikkje halde oppe frekvensen. Det vart tungt, så det var heilt greitt å bli bytt ut. Då er eg klar til søndag, seier den tidlegare Kaupanger-spelaren som vart bytt ut etter kring timen spelt.

Nøgd Folland

Trenar Knut Erik Folland var nøgd med det han fekk sjå av disiplane sine i kveld.

– Eg tykkjer vi gjer ein bra kamp. Vi står godt defensivt og held dei nede til eit minimum av sjansar. I første omgang klarer vi å variere presshøgda, men vi blir litt låge i periodar av andre omgang, oppsummerer han og vedgår at han ikkje fekk med seg den avgjerande scoringa.

– Eg såg akkurat vekk då, men høyrde Alex smørje den i begge stolpane. Kristian er stort sett på rett tid kvar gong, gliser han.

– Ser ikkje på tabellen

Søndag kjem andrelaget til eit nytt eliteserielag på besøk. Vålerenga 2 har saman med Asker gått igjennom sesongstarten utan tap. Med 21 poeng har Førde ni poeng opp til neste motstandar.

– Tabellen ser vi ikkje på enda, men etter tre kampar på rappen er spelarane slitne i beina. No handlar det først og fremst å få restituert seg og gjort seg klar til Vålerenga 2, seier Folland.

Då håpar Fardal Opseth å kunne medverke igjen. Og sjølvsagt med nettsus.

Klar mot 'Enga

– Det blir ein tøff kamp. Dei har vunne det som er og har eit godt lag med mange unge spelarar, seier han og ikkje er særskilt overraska over den gode starten Førde har hatt på sesongen.

Laget har berre tapt to av seks kampar, noko 23-åringen skildrar som «litt over godkjent» for eit nyopprykka lag.

– Vi har eit godt lag, og eg rekna med at vi kunne hevde oss bra i dei fleste kampar. Eg føler vi kan slå kven som helst, men vi kan også tape for kven som helst om vi ikkje er «på», avsluttar han.