Hopp til innhold

Slik prioriterer fylkestinget dei dårlege og farlege vegane

HERMANSVERK (NRK): Eit fleirtal i fylkestinget vil sikre rehabilitering av både Blaksettunnelen i Stryn og Seimsdalstunnelen i Årdal.

Frakta hus gjennom låg tunnel i Årdal

MØRK OG SMAL: Tunnelen frå Seimsdalen til Årdalstangen blir prioritert av fylkestinget.

Foto: Egil Jørgen Lund

Høgre, Senterpartiet, KrF, Venstre og Framstegspartiet sine representantar i fylkestinget meiner at begge dei to fylkesvegstunnelane må kome inn i investeringsprogrammet alt frå 2018.

– Dette er ei viktig sak som vi no får fleirtal for. Det er to tunnelar som treng rehabilitering, seier Arnstein Menes frå Senterpartiet til NRK.

I fleirtalsvedtaket heiter det også at framdrifta for dei to prosjekta skal fastleggjast når den regionale transportplanen skal rullerast.

Fylkespolitikarane legg til grunn at ein skal bruke 1,4 milliardar kroner på tunnelvedlikehald frå 2016 til 2024.

Skal sikre Kleiva

Fylkestinget vedtok også tysdag å prioritere rassikring av fylkesveg 633 frå Kleiva til Honningsvåg på Stadlandet. Dette prosjektet blir då sett før ei rassikring av fylkesveg 722 til Flo i Stryn.

I vedtaket blir det slått fast at planleggingsarbeidet med vegen til Flo skal halde fram, og at prosjektet kan vere klart for utlysing når ein kjenner til kor mykje pengar fylket får til rassikring i perioden 2018-2021.

Ikkje sidearm frå Vikafjellet

Eit samla fylkesting går også inn for at ei skredsikring av fylkesveg 92 til Framfjorden i Vik kommune skal skje langs fjorden. Alternativet har vore å byggje ein tunnel frå Framfjorden og opp til den planlagde Vikafjellstunnelen.

Dette alternativet blir for dyrt, meiner fylkespolitkarane, og syner til at det prosjektet vil ha ein kostnad på over ein milliard kroner.