Familien på Vassenden i Jølster fekk inn 35.000 kroner i minnegåve etter ulukka, og var ikkje i tvil om kva gåva skulle gå til.
I dag opna Jølster skisenter offisielt barnetrekket Hauglandsheisen.
– Vi tykte det var fint å bruke pengane lokalt, og skisenteret var favorittplassen hans, fortel Janne Haugland.
Opplever skigleda
Trond Haugland omkom i ei trafikkulukke i Romarheimsdalen 9. juni 2012. Ein møtande bilist såg truleg ikkje motorsyklisten på veg nordover på E39, og svinga av mot rasteplassen.
27-åringen
. Den , men saka vart like over nyttår droppa grunna sjukdom.– Det einaste kravet vi hadde, var at minnegåva ikkje skulle gå til drifta. Den skulle gå til noko handfast vi kunne sjå att. At det gjekk til barneheisen er heilt supert. No vil fleire få oppleve skigleda han sjølv hadde, fortel systera.
Minneplakett
At heisen skulle bere namnet etter bror hennar kom uventa. Det gjorde også minneplaketten ved sidan av.
– Trond brukte mykje av tida i barne- og ungdomsåra i skitrekket. Då han flytta til Bergen kom han heim ved første anledning når det vart fint skivêr, fortel Haugland og er glad for at både små og store får glede av minnegåva.
– Trond gledde seg til borna våre vaks opp, slik at han kunne ta dei med på ski over alt. No fekk han ikkje oppleve det, men dei får likevel oppleve den same gleda han hadde, legg ho til.
– Vi takkar
Styreleiar Johann Gotteberg i skisenteret seier namnevalet ikkje var vanskeleg. Heisen med tilliggande varmestove kosta i overkant av 2,3 millionar kroner.
I tillegg har dugnadsarbeidarar lagt ned ein stor jobb.
– Dette viser kor viktig skisenteret er for store og små. Trond var ein ivrig alpinist og brukte skisenteret mykje. Vi tykte dette var rett måte å vise vår takksemd på, seier Gotteberg.
Har allereie vore i drift
I tillegg til minnegåva frå familien til Trond Haugland, har Trond Mohn støtta prosjektet med 1,5 millionar kroner. Ein har også nytta midlar som ein har fått gjennom INU.
Barnetrekket stod allereie ferdig førre skisesong.
– Den har allereie frakta mange tusen skiglade, men vi tykte det passa seg med ei lita markering no som varmestova nærast er ferdig og heisen har fått namn, seier Gotteberg.