Hopp til innhold

Slik lagar du fine juledekorasjonar

Ein tur i skogen, på fjellet eller langs sjøen kan føre til fin pynt til ein juledekorasjon.

Juledekorasjon

DØRKRANS: Dompap, nisse og sløyfe gjer seg i ein grøn krans.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK
Juledekorasjon

BORDPYNT: Hassel, grønt og eit raudt lys pyntar fint opp.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK
Solveig Sørbotten

HENTAR I NATUREN: Solveig Sørbotten er ofte på tur og plukkar meg seg ting frå naturen som kan brukast til pynt.

Foto: Rune Fossum/NRK

Ei av dei som likar seg ute i naturen er Solveig Sørbotten i Hageselskapet. I fjellet og langs stranda finn ho mykje fint som kan brukast i juledekorasjonar.

Måndag morgon tok ho turen til morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane for å gi inspirasjon til radiolyttarane. Med seg hadde ho ei korg med masse pynteting som grøne greiner, kuler og kongler. Saman med programleiar Gro Ravnestad blei det julestemning i studio då dei to laga dekorasjonar.

– Eg har tenkt å lage ein oppsats som ber preg av jula, som samstundes tek oss inn i det nye året, seier ho.

Trend i tida

På turane sine finn Sørbotten ofte ting der som ho tek med seg heim.

– Eg likar veldig godt mose som eg tek med meg frå fjellet. Eg bur også nær sjøen, så eg finn ofte ting der på rek som kan brukast i dekorasjonar. Det er ein trend i tida å ta med seg naturen inn i interiøret. Det er også noko heile familien kan vere med på.

Pyntar hjartet med mose

For å lage ein fin dekorasjon må ein først bestemme seg for kvar den skal vere. Om det er ute eller inne, på bord eller på dør.

– Tenk også på fargesamansetningar og ta omsyn til allergiar. Dreg du ting frå naturen inn i ei oppvarma stove, skal allergikarar få reaksjonar. Hugs også at mange ikkje tåler julestjerner. Dei er også giftige. Det er også kristtorn.

Sørbotten har med seg eit hjarte, der ho dekkjer halvparten med mose.

– Mose er så behageleg. og her blir det ein fin kontrast til det grove materialet i hjartet. Vi må hugse å harmonere med annan pynt og fargar. Men vi er ulike og har forskjellig smak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Juledekorasjon

HJARTE: Solveig Sørbotten har brukt mose og ei lilla stjerne til å pynte dette hjartet som kan henge på veggen.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Pyntar med nisse og dompap

Ho fortel at i år skal det vere fargar og meiner det skapar liv i mørketida.

– Pynt gjerne med kongler og kuler og band som finst i mange fargar. Men vi treng ikkje alltid så mykje pynt i ein dekorasjon, det er ikkje mengda som avgjer kor bra resultatet blir.

I dørkransen vel ho konglar, ei stor og to små. Ho pyntar også med nokre dompapar.

– Dei er så søte der, så eg set eit par på greinene. Ein liten nisse pyntar også opp. Det er også fint med sløyfer laga av stoff.

Sørbotten har også forslag til ein borddekorasjon. Her har ho valt seg ut eit skål forma som eit hjarte.

– Eg brukar ei plante som liknar på tytebær, med raude bær. Set oasis i botnen og fyll på med vatn. For å tenkje balanse så har brukar eig ein vrihassel på eine sida i skåla. På den andre sida set eg opp eit lys. Eg har raudt no, men det kan byttast ut med ei kvitt når vi nærmar oss nyttår. Hasselen er kraftig, så det blir fin balanse mot lyset.

Peparkakekyrkje

Sørbotten har sin eigen tradisjon når det gjeld peparkakehus. Kvar jul lagar ho og familien ein modell av Vevring kyrkje.

– Det er ein familietradisjon vi har hatt sidan borna var små. Modellen blei klipt ut i papp og den malen brukar vi endå. No har ungane flytta ut, så no er det barnebarn lagar peparkakekyrkja med meg.

Peparkakehus - Vevring kyrkje

PEPARKAKEKYRKJE: Kvart år lagar Sørbotten ein kopi av Vevring kyrkje.

Foto: Rune Fossum/NRK