Hopp til innhold

Her går Einar opp og ned 30 gonger om dagen

Kvar einaste dag går Einar Ask i Askvoll ut og inn av mjølkebilen 30 gonger. Alt for at mjølka skal komme frå bonden til meieriet, og til slutt på frukostbordet ditt.

– Ja, det er dagens trim. Det blir 30 gonger opp og ned der i løpet av ein dag, seier Ask.

NRK var i morgontimane med Ask på mjølkeruta i Askvoll. Kvar morgon klokka 5 tek Ask til på jobben med å samle inn mjølk frå bøndene i Askvoll.

På glatte vintervegar snirklar mjølkebilen seg fram for å hente dei verdfulle dropane som mange er så glade i. For mjølkebilen skal fram, uansett føre.

På farten i eige kontor

– I morgontimane i dag var det klassisk nullføre og polerte vintervegar. Men vi har kjettingar i lassevis, så det skal vi klare, seier Ask.

I førarhuset på mjølkebilen er det både køye og blomar. Ikkje så rart, kanskje, når det faktisk er det næraste Ask kjem eit kontor.

– Det er kontor, arbeidsplass, stove, kvilerom og her vi har heile dagane våre, seier Ask.

Hentar nær 30 000 liter dagleg

Kvar dag hentar Ask om lag 28 000 liter på ei heil rute.

– Du kan trygt seie at vi er tungt lasta når vi er ferdig med ruta, seier Ask.

Etter at han har farta rundt i Askvoll set han kursen mot meieriet på Byrkjelo kvar einaste dag. Slikt gir lange arbeidsdagar.

– Det varierer litt på ver, vind og føre. Det kan bli ganske lange dagar, men vi som jobbar med dette, har alltid fri påfølgjande dag. Det hjelper, seier Ask.

Er innom 30 på ein arbeidsdag

Når ein hentar mjølk er det mykje ein må passe på.

– Vi ser på tanke og luktar på han, samt ser etter at temperaturen er rett, seier Ask.

Det meste er også i mjølkebransjen elektronisk, så når ein har kopla til ei datamaskin, så går innveging og registrering av temperatur og mengd mest av seg sjølv.

– Og så tek vi ein mjølkeprøve hjå kvar einskild bonde, fortel Ask, som er innom 30 bønder i løpet av ein arbeidsdag.

Dreg også ut på øyane

Attpåtil ut på Atløy går mjølkeruta i Askvoll. Her er det ikkje nokon autostrada som møter mjølkebilen.

– Spesielt på vinterstid er det smale vegar her ute. Det er ikkje meir enn det må vere nokon stader, seier Ask.

Også han erfarer at talet på mjølkebønder går ned.

– Det minkar litt etter kvart, men mengda held seg oppe. Dei som er att aukar nok litt på produksjonen, seier Ask.

Hentar landets vestlegaste mjølk

På Atløy hentar han mjølk frå sju bønder. For tre år sidan var det ti. På ruta si plukkar han også opp Norges vestlegaste mjølk. Iallfall uoffisielt.

– Uoffisielt trur eg dette er Norges vestlegaste mjølk, seier Ask.

Den vert henta ved at mjølkebilen ryggar seg inn på ferja som kjem frå Bulandet, der det står ein mjølketank som han koplar seg på.