Hopp til innhold

Slik har du aldri sett breen og fjella rundt

Han tek spektakulære bilete frå helikopter og set dei saman etterpå. Dette kan du nyte i 360 grader på PC-en din.

Arild Solberg og 360-bilete

PANORAMA: Arild Solberg har også vore i Sogn og Fjordane for å ta 360 graders bilete. Her frå Skålatårnet og Lodalskåpa.

Foto: Arild Solberg

Lodalskåpa og Skålatårnet er mellom toppane du kan sjå i panoramavisning. Fotografen er Arild Solberg frå Sykkelen som lever av å lage slike bilete.

– Eg har drive mykje med reklame og er veldig teknisk interessert. Det gjer at eg no strekkjer grensene og har brukt mykje tid i helikopter, fortel han til NRK.no.

Det er mange som lagar 360 graders bilete, men målet til Solberg er å gjere det betre enn alle andre.

– Eg byggjer faktisk gigapiksel, det vil seie at eg har over tusen millionar pikslar per bilete som du kan snu og rotere i. Eg lagar to sorter, anten kan du zoome 10 eller 25 gonger.

Byggjer riggane sjølv

Han tek veldig mange bilete og set dei saman, og seier dei verkar både på PC, MAC, telefonar og nettbrett. For å få til slike bilete, tek han både bilete i forskjellige høgder og rundt seg. Etterpå set han dei saman i biletbehandlingsprogram.

– På eit bilete du kan zoome 25 gonger i, brukar eg mellom 72 og 108 opptak. Det blir 1200 megapiksar ferdig bygd.

Arild Solberg har drive med fotografering sidan han var åtte år og profesjonelt sidan han var 25. Han har også ei fortid som industrimekanikar, noko som kjem godt med.

– Eg har bygd forskjellige riggar som eg brukar i helikopteret. Der har eg kontroll på alt og har instrument som vater og kompass.

Frå topp til topp med få trykk

Innsatsen til Solberg har også ført til at han har blitt referansefotograf på nettsida til kameraprodusenten Hasselblad, som ein av sju fotografar i heile verda.

I Sogn og Fjordane har han mellom anna vore på Skålatårnet, Ceciliekruna, Tystigen, Briksdalsbreen, sommarskisenteret og Lodalskåpa.

– Kvifor trur du folk blir så fascinert av bileta?

– Det er kjekt å sjå på. Du kan med få tastetrykk danse rundt omkring frå topp til topp. Målet er å byggje ut heile Norge i superkvalitet slik at turistar kan bruke tenesta. Det kan brukast i samband med innseglingar for hamner, til toppturar og kart, seier Solberg.

Samarbeid med stryningar

Solberg har floge mykje med helikopterselskapet til Lars Helge Kveen og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo i Stryn. No har dei gått saman om firmaet 360 World.

– Vi har etablert eit firma som er operativt i slutten av juni. Vi er heilt i startgropa på å kommersialisere dette, men har ein kundemasse vi er i gang med. Det er stor interesse for denne type teneste og vi vil utvikle dette vidare. Vi tenkjer både nasjonalt og internasjonalt, seier Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Helikopter

MANGE TIMAR I HELIKOPTER: Arild Solberg flyg mykje med helikopter. Han har inngått samarbeid med Fjord Helikopter i Stryn.

Foto: Arild Solberg