Hopp til innhold

Slik får du influensavaksinen

Kommunane har no fått dei første vaksinene mot svineinfluensa. Sjekk korleis du kan få vaksinen.

Vaksine

VAKSINE: Slik ser den ut, vaksinen mot svineinfluensa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Helsestyresmaktene tilrår no at alle i Norge vaksinerer seg mot svineinfluensa - eller influensa A(H1N1).

– Vi tilrår vaksinen til alle for å avgrense smitten. I tillegg viser ny kunnskap at éin av tre som blir innlagd på intensivavdeling på sjukehus med svineinfluensa ikkje har anna kjend underliggjande sjukdom, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

Alle får tilbod

I første omgang tilrår styresmaktene at alle personar i risikogruppene tek vaksinen. Desse vil også få tilbod om vaksinen først.

Ifølgje Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) vil tida fram mot midten av november gå med til å gje personar i risikogruppene tilbod om vaksine. Deretter går ein i gang med vaksineringa av resten av innbyggjarane.

Sjekk biverknadene

Dermed må alle i Norge ta stilling til om vi skal la oss vaksinere eller ikkje. Styresmaktene rapporterer så langt om ubetydelege biverknader av influensavaksinen.

Dette kan dreie seg om kløe, hovudpine, feber, ømme musklar og ledd, hovne lymfekjertlar, auka sveitte og skjelving.

Slik blir det for deg

NRK Sogn og Fjordane har teke ein runde hos alle kommunane i fylket. Slik blir vaksineringa gjennomført i din kommune:

  • Selje: Har motteke den første sendinga med vaksiner. Kommunen startar vaksinering av risikogruppene og helsepersonell i dag. Resten av innbyggjarane får tilbodet noko seinare.
  • Vågsøy: Første vaksinering vart gjennomført torsdag 22. oktober. Tysdag held kommunen fram med vaksinering så lenge dei har vaksiner.
  • Bremanger: Startar vaksinering for personar i risikogruppene denne veka.
  • Eid: Har fått 500 vaksinedosar, og startar torsdag vaksinering av gravide. Fredag startar kommunen vaksinering av personar i dei andre risikogruppene.
  • Gloppen: Starta vaksinering på laurdag, og held fram med å gje vaksine utover i denne og neste veke. Vaksinen er i første omgang resevert risikogruppene.
  • Hornindal: Er måndag i gang med vaksinering av personar i risikogruppene og nokre personar med viktige samfunnsmessige funksjonar. Tysdag startar kommunen med vaksinering av resten av innbyggjarane, så lenge dei har vaksiner.
  • Stryn: Byrjar tysdag med dei første vaksinene ved Stryn helsestasjon. Turen kjem til Innvik på onsdag. Risikogruppene er prioriterte.
  • Flora: Startar i dag med vaksinering av risikogruppene, slik at gravide etter veke 12 og alle unge og gamle med kroniske sjukdommar får tilbod om vaksine. Held fram med vaksineringa utover i veka.
  • Askvoll: Tilbyr vaksine til risikogruppene. Vaksinerer dei første onsdag, fredag og måndag.
  • Fjaler: Startar vaksinering av folk i risikogruppene på torsdag. Gravide kan få vaksinen på helsestasjonen på fredag. Kommunen kjem tilbake til vaksinering av resten av innbyggjarane.
  • Gaular: Kommunen gir influensavaksine og vaksine mot ordinær sesonginfluensa på tysdag. Revaksinasjon tysdag 17. november. Kommunen prioriterer i første omgang personar i risikogruppene.
  • Førde: Tilbyr vaksine mot svineinfluensa måndag, tysdag og onsdag denne veka, og måndag og tysdag neste veke - alle dagar ved Førde legesenter mellom klokka 16.00 og 18.00. Personar som ikkje er i risikogruppene må vente med å få vaksine til vaksinering av dei mest utsette gruppene er gjennomført. Gravide og barn kan få vaksine ved helsestasjonen.
  • Naustdal: Har registrert auka pågang av influensasjuke, og tilbyr vaksine ved Naustdal helsesenter måndag, tysdag og torsdag denne veka. I første omgang får personar i risikogruppene tilbod.
  • Jølster: Startar måndag vaksinasjonen av personar i risikogruppene. Dei som ønskjer vaksine vert oppmoda om å ta kontakt med Jølster legekontor.
  • Solund: Byrjar måndag med massevaksinering, der innbyggjarane får ein dags varsel på telefon. Kommunen startar med risikogruppene, men dei som vil ha skal få.
  • Hyllestad: Har lister over alle gravide og personar i risikogruppene. Resten av innbyggjarane får tilbod om vaksine på eit seinare tidspunkt.
  • Gulen: Alle i risikogruppene får vaksine ved å møte opp på legekontoret i Eivindvik tysdag eller torsdag. Andre vil få tilbodet seinare.
  • Høyanger: Startar onsdag og torsdag vaksinasjon av risikogruppene ved Høyanger helsestasjon. Lavik og sørsida står for tur tysdag og onsdag neste veke. Personar som ikkje er i riskogruppene må vente til vaksinering av desse er gjennomført.
  • Balestrand: Alle som ønskjer vaksinering kan møte på Balestrand helsestasjon tysdag, onsdag eller torsdag denne veka.
  • Vik: Har allereie gjennomført vaksinering i tre puljer, og skal vaksinere igjen tysdag 10. november.
  • Leikanger: Vaksinerer mot svineinfluensa ved Leikanger helsestasjon på onsdag og torsdag denne veka.
  • Sogndal: Tilbyr i første omgang vaksine til personar i risikogruppene, og startar opp med vaksinasjon på onsdag. Vaksinerer også onsdag 4. november.
  • Aurland: Gir tilbodet om vaksine først til risikogruppene og helsepersonell. Desse kan få vaksine måndag, tysdag eller onsdag i veke 45.
  • Lærdal: Har no vaksinasjon til alle i risikogruppene. Desse får vaksine ved å vende seg til Lærdal Helsesenter, som har ope for vaksinering onsdag og torsdag. Vaksine til andre kjem ved seinare høve.
  • Årdal: Vaksinerer barn og unge mellom tre og 64 år med sjukdommar i risikogruppene. Vaksinasjon vert gjennomført frå tysdag til fredag denne veka.
  • Luster: Har fått 500 doser med vaksine mot svineinfluensa, og vaksinerer først helsepersonell denne veka. Deretter blir risikogruppene vaksinerte onsdag, torsdag og fredag neste veke.

Klikk på kommunelenkene for meir detaljert informasjon frå din eigen kommune.