Til helga er det festival mange stadar i fylket, og mange håpar på sol og gode temperaturar. Det kan vi få eit snev av i fyrste delen av helga.
– På fredag og laurdag ettermiddag blir det opphald og lange periodar med sol i heile Sogn og Fjordane. Eg vil kalle det ganske bra vêr, seier meteorolog Stine Karlsen Gia ved Meteorologisk institutt.
Laurdag kveld kjem eit skydekke til å legge seg over fylket.
Nedbørsfelt frå Island
Tidleg sundag morgon treffer eit nedbørsområde frå Island kysten i fylket, og regnet kjem til å risle jamt heilt til måndag morgon.
- Les også:
– Nedbørsområdet dyttar skyer framfor seg, og det er desse som når Sogn og Fjordane på laurdag kveld, seier Gia.
Nedbøren treffer heilt i vest først, og i løpet av om lag fem timar vil det ha spreidd seg til heile fylket.
Litt kaldare på sundag
På laurdag og sundag vil dei høgaste temperaturane liggje på 15 til 17 grader. Dette skal halde seg til sundag.
– Då går temperaturen ned, og vi forventar mellom 13 og 15 grader, seier Gia.
Skal du på festival i helga? Del bileta med oss på #nrksf!
Du kan også sende oss bilete på e-post til sffoto@nrk.no.