Hopp til innhold

Slik blir festivalsommaren din!

Gjer deg klar for nok ein intens festivalsommar i Sogn og Fjordane. Her har du oversikta over noko av det som skjer.

Dum Dum Boys, Utkantfestivalen og Skåla Opp
Foto: Montasje: Eirin Aardal, Gøril Sætre og Jan Erik Sandbakk

Er du interessert i å finne på noko å gjere i helgane i sommar? Det er ikkje noko problem - det går knapt ei helga utan at det er ein eller annan spennande festival på gang i Sogn og Fjordane.

Her har du oversikta - no kan du planleggje sommaren i eige fylke:

Juni:

15. - 17. juni: Norsk Brefestival, Jostedalen

15.-17 juni: Seljecup i fotball

15. - 17. juni: Kystfestivalhelg i Flora med Sildebordet, Laksens dag, Kinnaspelet og Rock 2012

15. - 17. juni: Lærdalsmarknaden

16. juni: Veteranbilløpet, Firdaløpet i Sunnfjord

22. - 24. juni: Veikingkonvoien, og Slåtterock 2012, Naustdal

23. juni: NM i Handbak, Jølster

23. juni: Boknatti, Fjærland

25. - 30. juni: Flo Aktiv, Stryn

29. - 30. juni: SommarFlora, Flora

30. juni: Storehesten Opp, Gaular

Juli:

5. - 8. juli: Førdefestivalen, Førde

6. – 8.juli: Nordsjøporthelga, Bulandet

6. - 7. juli: Sykkelrittet Jotunheimen Rundt, start i Lærdal - mål i Sogndal.

6. - 7. juli: Øyacup på Askrova, Flora.

7. juli: Sognefjellrittet frå Lom til Sogndal

7. juli: Sognefjordrittet frå Skjolden til Sogndal

7. juli: Aurlandsmarknaden, Aurland

7. juli: Hornindal Rundt, Hornindal

7. juli: Jølster maraton, Jølster

7. juli: Sunnfjord Triathlon, Naustdal

8. juli: Seljumannamessa, Selje

10. - 15. juli: Norsk Målungdoms sumarleir, Sogndal

11. - 15. juli: Norsk Countrytreff, Breim

20. juli: NRK Sommarlutt, Eid

20. - 21. juli: Malakoff Rockfestival, Eid

20. - 21. juli: Sande Dansefestival, Gaular

20. - 22. juli: Skjærgårdstreffet, Askvoll

20.-22. juli: Vikingmarknad og Norrøne Sommerleker, Gudvangen

22. juli: Aurlandsmarsjen, Aurland

26. - 28. juli: Utkantfestivalen, Gulen

26. - 29. juli: Fres Festival, Vik

30. juli: Krabbefestival, Atløy

August:

3. - 5. august: Kulturdagane, Hornindal

4. - 5. august: Gaularspelet

8. – 12. august: Dalsfjordveka

10. - 12. august – Målrock, Årdal

17. - 19. august: Eikefjorddagane

18. august: Skåla opp, Stryn

18.august: Sogn Gamaldansfestival, Luster

23. - 25. august: Glopperock

24. - 26. august:Sandanedagane

31. august – 2. september: Gloppen Musikkfest

31. august – 2. september: Måløy Havfiskefestival

Har du tips om andre ting som burde stå på lista og som skjer i juni, juli og august? Då kan du sende ei epost til oss på sf@nrk.no.