Slik blir din kommune råka

Sjå oversikten over investeringane og gjelda til din kommune her.

Selje kommune:

Har ikkje aksjar i fond, kun aksjar i Sogn og Fjordane Energiverk (1,17 prosent). Samla lånegjeld på 150 millionar kroner, nesten alt med flytande rente.

- Renteauken svir seier rådmann Reidar Sandviknes.

Vågsøy kommune:

Har selt alle kraftaksjar, og har lite i aksjemarknaden. Har 260-270 millionar i lånegjeld. 70 millionar i fast rente, resten flytande.

Bremanger kommune:

Har ikkje aksjeinvesteringar, berre bankinnskot. Dei to store Terra-investeringane er no selde, dei to andre, på 48 og 54 millionar, eig dei gjennom norske bankar. Har fått lov av Fylkesmannen til å sitje med desse ut 2012. Har lånegjeld på 280 millionar kroner, alt med flytande rente.

Eid kommune:

Sit med 29 millionar i aksjemarknaden og har i tillegg investert i obligasjonar og pengemarknadplasseringar. Til saman 112 millionar.

Hadde negativ avkasting på litt over 1,6 millionar kroner frå nyttår og ut august på grunn av fallet i aksjemarknaden.

Har lånegjeld på 321 millionar. Ei renteauke på ein prosent vil utgjere 3,2 millionar kroner i året. Alt har flytande rente.

Hornindal kommune:

Hadde ved utgangen av august plassert 10,8 mill i aksjemarknaden. Har tapt 560.000 kroner sidan nyttår, men tent 1,5 millionar sidan investeringane vart gjorde.

Avkastinga er teken med i driftsbudjsettet, men har også 16 millionar i bankinnskot. Renteutviklinga vil dermed vege opp for nedgangen i aksjemarknaden.

Stryn kommune:

Har ingeting i aksjar, men eig kraftobligasjonar. Har også plassert pengar i pengemarknaden og vil tene pengar dersom renta går opp.

Har 300 millionar kroner i lånegjeld, halvparten med flytande rente. Ein prosent auke vil auke utgiftene med 1,5 millionar kroner årleg, og dette vil skape problem, fortel økonomisjef Jonny Hove.

Gloppen kommune:

Har ingenting i aksjemarknaden, men eg 3,36 prosent av Sogn og Fjordane Energiverk.

203 millionar kroner i lån, og det uroar med tanke på 2009.

Jølster kommune:

Ingeting på børs, men har eigardel i Sunnfjord Energi på mellom fem og seks prosent. 140 millionar kroner i lånegjeld, der rundt 90 er på flytande rente.

Har allereie underskot og er på Robek-lista.

Førde kommune:

Sit med 104 millionar kroner i fleire typar pengemarknadsfond, obigasjonsfond og aksjefond.

Hadde tapt sju millionar frå nyttår til utgangen av juli.

Lånegjeld på 600 millionar kroner der det meste har flytande rente.

Naustdal kommune:

Ingenting i aksjemarknaden, men har eigardeler i Sunnfjord Energi, Sogn og Fjordane Energiverk og Firda Billag.

Lånegjeld på 124 millionar kroner, 54 millionar på flytande rente.

Flora kommune:

Har ikkje investert i aksjemarknaden, men eig enkeltaksjar i Sogn og Fjordane Energiverk. Har lånegjeld på 801 millionar kroner med blanding av fast og flytande rente.

Askvoll kommune:

Har ikkje gjort investeringar i aksjemarknaden, men har eigardeler i SFE og Sunnfjord Energi.

Total lånegjeld på 160 millionar kroner, det meste på flytane rente.

Fjaler Kommune:

Eig obigasjonar og rentefond. 120 millionar i lånegjeld. 90 prosent av dette har ei fastrente på 5,5 prosent.

Har mellom anna eit utviklingsfond på 20 millionar, og andre, mindre fond i tillegg til 14 millionar kroner som rentar seg i banken.

Kjem til å gå med eit lite pluss i rekneskapen på rentene.

Hyllestad kommune:

Har investert 15 millionar kroner. 30 prosent i aksjar, 49 i obligasjonar og 20 i pengemarknaden.

Aksjane har hatt ei svært dårleg utvikling og ville gått med ein million i tap om det hadde vorte bokført no. Total lånegjeld på 79 millionar kroner, nesten alt til flytande rente.

Sogndal:

Har lite pengar i aksjemarknaden fordi dei har hatt lite å investere med, men har per i dag tapt 100.000 kroner.

Total lånegjeld på om lag 300 millionar kroner og økonomisjef Jarle Selseng fryktar renteutviklinga.

Høyanger kommune:

Brende seg på aksjemarknad og obligasjonar for nokre år sidan og har lagt ned forbod mot aksjeplasseringar. Har pengar i banken.

Vik kommune:

Sit med Terra-plasseringar men har elles ikkje aksjar.

Balestrand kommune:

Ikkje i aksjemarkanden, men har lånegjeld på 60-70 millionar kroner.

Årdal kommune:

Eig ikkje aksjar i anna enn lokale selskap. Har lånegjeld på 287 kroner og vil merke renteoppgang sjølv om dei også har pengar på bok.

Lærdal kommune:

Ikkje på børsen, men har 130 millionar i lånegjeld. Har disposisjonsfond på bok og kan kompensere renteauke med det.

Solund kommue:

Ikkje påverka av aksjeuroen, eig kun aksjar i Sunnfjord Energi. Har 53 millionar i lånegjeld.

Gulen kommune:

Har ikkje aksjar på børsen. 60 millionar i lånegjeld og trur ikkje ei renteauke vil slå stort ut for dei.

Luster kommune:

Kunne ikkje gje tilbakemelding på grunn av sjukdom og reiseaktivitet.