Hopp til innhold

Slår ring om Utøya-ungdom

Florø-gutane som var på Utøya under terror-handlingane vert godt tekne vare på.

Det seier kommunelege Jan Helge Dale som har holdt kontakt med både gutane og familiane deira.

Kjetil Klakegg Bergheim og Thor Mehammer var blandt dei 650 ungdomane som var på AUF-leir då 68 personar miste live i skytemasakren på Utøya.

Kommunelegen seier til Firdaposten at ein må vere budd på at dei overlevande vil vere sterkt prega av hendinga i lang tid framover.