Hopp til innhold

Fire jenter skadd då skuleklasse vart treft av steinras

USKEDALEN (NRK): Idrettsklassen var på fjelltur i Uskedalen då dei var treft av eit steinras. Fire jenter har fått brotskadar.

Luftambulansen og Sea King redningshelikopter står klar i Uskedalen, klar for å fly opp i fjellet etter skoleklasse som ble truffet av steinras.

DÅRLEG FLYVÊR: Sea King redningshelikopter står klart til å fly opp i fjellet nede i Uskedalen, men er så langt hindra av dårleg flyvêr. Fire personar ventar på hjelp.

Meldinga kom inn til naudetatane klokka 12.21. Ein skuleklasse på fjelltur i Uskedalen i Hordaland vart treft av steinras.

Fire jenter i skuleklassen vart treft og har fått brotskadar. Det er snakk om klemskade i hofte, fingerskade, beinskade og skader i skuldra. Ingen av dei fire vert rekna som alvorleg skadde.

Sea King redningshelikopter vart rekvirert i forbindelse med ulukka.

Krevjande redningsaksjon

Raset gjekk ved Litlenuten i Uskedalen i Kvinnherad kommune i Hordaland.

Ein av dei skadde vart først henta med helikopter og sendt til Stord sjukehus, men så vart flyvêret for dårleg. Dei tre som var att måtte dermed bergast til fots.

Klokka 18.00 har to av dei skadde komme ned Tveitadalen til Utåker.

– Den eine jenta vart frakta ned av medelevar medan ho andre hadde brotskadar i ein finger og gjekk ned på egne bein, seier innsatsleiar Håkon Tørvik til NRK.

Ein av dei to vil bli sendt til Haukeland sjukehus.

Helikopter i Uskedalen

Også luftambulansen er på plass i Uskedalen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Redningsgruppe straks framme

Det er ein idrettsklasse frå Sauda vidaregåande skule som er på tur i området. Det er eit turfølge på 22 elevar frå 1. til 3.klasse og to lærarar som starta frå Fjellandsbø i dag tidleg. Planen var å ta seg over til Tveitedalen.

– Då må dei kryssa eit fjellmassiv og der har dei fått stein over seg. Det er ulendt terreng og masse lause steinar på staden. I tillegg er det tjukk skodda og det regnar, sa Tørvik til NRK tidlegare i dag.

Tysdag kveld er det fem personar i tillegg til den siste skadde jenta som er att på rasstaden.

– Vi har ei lokal redningsgruppe på sju personar som straks er på staden. Dermed er det bra med folk som kan bere ho ned att til Tveitedalen og Utåker, seier Tørvik klokka 18.00.

Han reknar det vil ta opp mot to timar å bere den skadde ned frå fjellet.

Foreldra vart varsla

Rektor Oskar Waage-Pettersen seier skulen har kontakta alle foreldra til elevane som er med på turen.

– Heldigvis ser dette ut til å ha gått bra. Vi har god kontakt med lærarane på staden, og fått god informasjon av politiet, seier Waage-Pettersen til NRK.

Resten av skuleklassen har tatt seg ned til Utåker, og politiet seier det vil bli ordna med busstransport tilbake til Sauda.

Ventar på betre flyvêr

Vêret har ikkje blitt noko betre for helikoptera utover ettermiddag.

– Dei er i standby og føl framleis situasjonen frå minutt til minutt. Opnar det seg i skydekket er dei i lufta med ein gong.

– Men vi føler vi no har bra kontroll og at det skal gå fint å hente ned den siste skadde, avsluttar Tørvik.