Hopp til innhold

Skule får kritikk etter mobil-beslag

Barneombodet støttar kritikken mot ein skule som ikkje leverte attende beslaglagt mobil før etter ei heil veke.

Snakker i mobiltelefon

Telefonen vart beslaglagt då han ringte i timen. No får skulen kritikk for å ha behalde telefonen for lenge.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Det slår barneombudet no fast. Og minner om at det elles berre er politiet som har lov til å beslagleggje private eigedelar, ifølgje avisa Sunnhordland .

– Burde fått mobilen tilbake

Ein far i Sunnhordland tok saka opp med Barneombodet etter at dotter hans hadde fått telefonen sin beslaglagt på Nordbygdo ungdomsskule på Stord. Skulen leverte ikkje ut mobiltelefonen før etter ei heil veke. Hendinga skjedde i februar.

«Mobilen må etter vår vurdering leverast tilbake til eleven ved skoletidas slutt», skriv Barneombodet i brevet.

Barneombodet understrekar elles at beslag er ei handling berre politiet har lov til. I likhet med kroppsvisitering og ransaking.

- Viktig å støtte ungdomane

– Dette viser at eg hadde rett. I tillegg viser det at det er viktig for foreldre å engasjera seg for ungdomane sine, for å unngå at dei vert utsette for urettvise handlingar frå makta, i dette høvet skulen, seier far Knut Jørgen Kvilhaugsvik til avisa Sunnhordland .

Han meiner Barneombodet er eit statleg organ som bør tilleggjast truverd, seier han.

– Lite samarbeidsvillig

Årsaka til beslaget var i første omgang telefonen hadde ringt inne i klasserommet medan undervisninga pågjekk.

LES OGSÅ: Starter SMS-varsling for foreldre

Faren tok kontakt med skulen, men rektoren nekta å levere ut den beslaglagde mobilen. Han reagerte ikkje på at skolen tok inn telefonen, men at han ikkje vart levert ut att.

– Veit ikkje kva dei klagar på

Rektor Bente Eide ved Nordbygdo ungdomsskule ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

– Eg har korkje lese brevet til Barneombudet, eller svaret frå Barneombodet. Eg veit ikkje kva breva omhandlar og kan derfor ikkje kommentere dette, seier ho.

– Beslaget er gjort i tråd med skulereglementet. Dette er vedteke av Samarbeidsutvalet der både elevar, foreldre og lærarar er med. Dersom det er reglementet dei klagar på, må dei ta det opp med Samarbeidsutvalet, understrekar Eide.