Hopp til innhold

Skrur prisane i veret

Medan resten av reiselivsfylket fryktar låg dollarkurs skrur Walaker Hotel prisane i veret med eit smil.

Walaker hotellhagen

Fred og eksklusivitet utan bussturistar og danseband i lobbyen. Det vil folk betale for.

Foto: NRK

Dei dyraste romma på tradisjonsrike Walaker Hotell i Solvorn kosta 2000 kroner i fjor, i år er prisen auka med 500 kroner – likevel er hotellet like populært som nokon gong.

- Me vil ha gjester som har reist ein del som oppleve noko spesielt. At det knirkar litt i golvet og at det ikkje er noko danseband som spelar i lobbyen, seier Ole-Henrik Nitter Walaker.

Frykt for dollarkurs

Medan dei fleste andre hotell i fylket skjelv med tanke på låg dollarkurs og dermed auka kostnader for amerikanske turistar, satsar Walaker på eit anna sjikt reisande.

- Fylket for dyrt for turistane

- Er det litt slik at dersom du må spørje kva det kostar så har du ikkje råd?

- Definitivt, seier Walaker.

- Me har skrudd opp prisen opp, ja. I staden for å måtte ha 80 til 100 prosent belegg vil me tene pengar med 50 prosent. Og dei som står her skal me stå på pinne for, legg han til og fortel at dei har godt med bestillingar framfor sesongen.

- Det stilnar litt uti september, men det har me god tid til å gjere noko med.

Gamle rom

Han legg likevel til at dei prøver å ta godt imot gjester som ikkje har fullt så tjukke lommebøker.

- Ikkje alle gjester er like godt bemidla, og då er det praktisk å ha tre prisgrupper. Me har 44 rom, halvparten av dei i dei gamle husa og det er dei som er dyrast. Og har me god plass ein dag og ser ein potensiell gjenkjøpar så oppgraderer me gjerne rommet hans. Målet vårt er at gjestene som kjem skal me tene pengar på, og når dei reiser skal dei vere ein god ambassadør for oss.

- Og så har dei gjerne betre råd når dei kjem att neste gong?

- Det skjer ofte, ja.