Hopp til innhold

Skrikande mangel på folk

Over halvparten av bedriftene i Sogn og Fjordane har problem med å få tak kvalifisert arbeidskraft.

Talet kjem fram i den årlege undersøkinga som Kunnskapshuset Deloitte har gjort.

- Nesten 70 prosent av verksemdene har så store problem at dei har vore nøydde til å takke nei til oppdrag, seier Anders Herstad i Deloitte.

Dramatisk auke

Deloitte har intervjua 2000 bedrifsleiarar i heile landet, og rundt 100 frå Sogn og Fjordane. Over halvparten svarar at dei har problem med å få tak i kvallifisert arbeidskraft, og dette er ein auke på 15 prosentpoeng i høve til i fjor.

- Det er ein dramatisk auke i talet på bedriftsleiarar som seier dei slit med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Det er vel gode tider i mange bransjar samstundes som gjer at arbeidsmarknaden er vanskeleg, seier Herstad.

Avisene fulle av annonsar

- Dette ser vi og i avisene. Det har aldri vore så mange sider med tilbod om jobbar som vi ser i dag, seier regiondirektør i NHO, Karin Halle.

Ein av dei som ei stund har annonsert utan å få napp er Trond Bendiksen som er dagleg leiar i Maritime Montering AS i Bygstad

- Eg kjenner meg igjen i problemstillinga. Det er ikkje lett å få respons.

Må seie nei til oppdrag

I undersøkinga til Deloitte svarar 69 prosent av dei spurde bedrifseleiarane her i fylket at dei har vore nøydde til å takke nei til nye kundar på grunn av mannskapmangel. Bendiksen utelukkar ikkje at det er ein situasjon dei også kan kome i. 

- Konsekvensen kan verte at vi må seie nei til oppdrag.