Hopp til innhold

Skogbrannfaren aukar stadig

For kvar finevêrsdag aukar faren for skog- og lyngbrannar. I dagane som kjem er det meldt om lite eller ingen nedbør.

Skogbrann

FAREN AUKAR: Det tørre vêret held fram og faren for brann i skog og mark aukar.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane ber no folk vere forsiktige.

- Skogbrannfaren vert berre større og større etter kvart som det vert tørt. Vi ber difor folk om å vere forsiktige og vise aktsemd ved bruk av open eld og grilling, seier Brandsøy til NRK.no.

- Lite og ingenting nedbør i vente

Den flotte starten på våren har vore til glede for mange. Sola har lenge stråla frå skyfri himmel og litt etter litt har det tørka opp.

Men finevêret har også gjort til at faren for gras- og skogbrannar berre aukar.

Måndag har det kome nokre få dråpar med nedbør enkelte stader i Sogn og Fjordane, men det er langt frå nok til at skogbrannfaren vert redusert.

- Det er nok rett og slett ikkje nok nedbør, seier statsmeteorolog Tove Christin Thaule.

Heller ikkje vêrutsiktene framover er godt nytt for brannfaren. Utover veka er det venta veldig lite og ingenting av nedbør i fylket.

- Det ser veldig tørt ut. Det kan kome ei og anna bye, men det er ikkje nok til at brannfaren vert redusert veldig, seier Thaule.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bråtebrann i Hjelledalen

I FARE: Bråtebrannen som kom ut av kontroll i Hjelledalen i Stryn i slutten av april var berre 50 meter frå eit bustadhus.

Foto: Marius Åsvoll

Størst fare på kysten

Leiaren ved Alarmsentralen seier faren for gras- og skogfare no er størst ved kysten, men at den vert stadig større også i innlandet.

- Snøen slepte taket først ved kysten og difor er det tørrast der. Men med det vêret vi har no tørkar det stadig meir opp også i innlandet og faren aukar også der, seier Terje Brandsøy.

- Alle må ta ansvar

Han ber alle ta ansvar for å sikre at det ikkje bryt ut brann i inn- og utmark.

- Spesielt må dei som driv med bråtebrenning vise stor aktsemd. Å drive med dette no vert berre farlegare og farlegare, seier Brandsøy og viser til det generelle forbodet mot open eld i tidsrommet frå 15. april til 15. september.

Det fine vêret freistar også mange til å ta med seg eingongsgrillar ut i sola. Også dei kan utgjere ei fare.

- Folk må vere flinke å sløkkje grillane godt. Ta dei gjerne med og kast dei på ein forsvarleg måte etter at dei er skikkeleg sløkte, seier Brandsøy.

  • LES OGSÅ:

Og sjølv om Brandsøy er uroa for at det skal bryte ut gras- og skogbrannar i Sogn og Fjordane i det tørre og fine vêret, er han ikkje blant dei som ønskjer seg store mengder regn.

- Eg synst det er kjekt med ein så fin start på våren, og det skal vi nyte. Men folk må vere forsiktige, seier Brandsøy.