Hopp til innhold

Skjerpa krav til oppdrettsanlegg

Får Statens forureiningstilsyn (SFT) det som dei vil, vert det strengare krav til etablering og utvidinga av oppdrettsanlegg.

Fiskeoppdrett

SKJERPER KRAVA: Statens forureiningstilsyn vil ha eit strengare regelverk for fiskeoppdretta.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Utslepp frå fiskeoppdrett har auka kraftig dei siste åra. For å styre denne type oppdrett mot områder som tåler det best, foreslår SFT strengare krav til oppdrettsnæringa.

På grunn av auka ureining dei siste åra meiner SFT det er naudsynt å verte strengare på dette området.

– Me er bekymra for at auka utslepp frå fiskeoppdretta, saman med auka sjøtemperatur, kan gi problem med overgjødsling, seier Ellen Hambro, direktør i Statens forureiningstilsyn.


Fryktar dyre- og plantedød

– Det kan i verste fall føre til færre dyr og planter i sjøen og gi en livlaus botn. Det vil igjen svekke verdien av fiske, friluftsliv og turisme, seier Hambro.

For å unngå at det skjer har SFT sendt forslag til Miljødepartementet om at oppdrettsanlegg berre skal verte etablert i områder som tåler det.

I tillegg vil dei skjerpe krava til miljøundersøkingar.

Sidan oppdrettsanlegg på sjøen ikkje har utsleppsledningar, får ikkje tilsynet regulert utsleppa på same måte som dei gjer med industriverksemder.

– Difor er regelmessige miljøundersøkingar einaste måten å følgje miljøbelastingane, seier Hambro.

Ureinar som ein by

Frå Lindesnes til den russiske grensa er fiskeoppdrett den største kjelda til menneskeskapte utslepp av næringssalter.

Utslepp frå eit mellomstort oppdrettsanlegg, med produksjon av 3120 tonn laks, tilsvarer eit avløpsutslepp frå ein by på rundt 50 000 innbyggjarane.

Hambro meiner ei tredelt regulering vil gjere systemet ein har i dag, med handsaming av enkeltsaker hjå fylkesmannen, enklare.

Alle vassførekomstar er plassert i tre risikoklassar: ingen risiko, mulig risiko eller risiko for overgjødsling.

Slik ser SFT for seg den nye ordninga:

  • SFT vil nekte utviding og nyetablering av oppdrettsanlegg i sjøvatn med dårlig kvalitet
  • I områder der vasskvaliteten er god, vil SFT nytte eit meldesystem ved nyetablering og utviding. Om lag 90 prosent av anlegga er i dag plassert i desse områda.
  • I områder der vasskvaliteten er usikker, må det søkast særskilt om nyetablering eller utviding. Søkerne må dokumentere overfor styresmaktene at¨vatnet tåler auka belastning. Rundt 9 prosent av anlegga er i dag plassert i desse områda.

Positiv miljøgevinst

SFT foreslår krav til miljøundersøkingar både ved nyetablering, utviding og under drift. Krava vil variere ut frå storleik på anlegg, plassering og vasstype.

– Dette vil hjelpe oss med å finne tiltak for å beskytte sårbare stader mot ytterlegare belastning.