Tredjedivisjonsoppgjeret mellom Stryn og Volda enda 2–2. Før kampen var det knytt stor spaning til om nysigneringa Johannes Thingnes Bø, best kjent frå skiskyttarsporet, skulle få sjansen til å debutere med knottar under beina.
Slik gjekk det ikkje.
– Då kan det norske publikummet framleis tru at eg er god, i staden for at dei hadde sett sanninga, seier Johannes Thingnes Bø til NRK etter kampen.
- Les også:
Var svært nær eit innhopp
Alt låg til rette då heimelaget Stryn gjekk opp til 2–0. Men først bomma dei på straffe, så byrja det å rakne. For kvar redusering vart innhoppet ein stadig fjernare draum.
– Eg fekk tatt på meg leggskinna før Volda reduserte. Då rauk sjansen min, seier Thingnes Bø.
Sjølv om det ikkje vart noko av debuten, vil han ikkje love nye forsøk på grasmatta.
– Vi får sjå kva som skjer. Men det kan fort vere at dette var min sjanse.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vurderte å satse på fotball
I sine yngre dagar var Johannes Thingnes Bø eit heilt kurant fotballtalent. Lenge lurte han på om det var fotball eller skiskyting han skulle satse på.
Den tida er for lengst forbi, innrømmer Thingnes Bø.
– Etter alle åra med børsa på ryggen har eg mista ballkontakten heilt. Eg kunne kanskje sprunge rundt og øydelagt for motstandaren. Men eg trur definitivt eg hadde vore best utan ball, seier han.
Førebuingane til neste vinter er allereie i gong. No handlar det om å få flest mogleg treningstimar i forkant av ein viktig sesong, med VM i Holmenkollen som eit klart høgdepunkt.
At fotballen er ein sport med mange skader, var ein risiko skiskyttaresset var villig til å ta.
– Det er eg klar over når eg stiller til start her. Sånn sett kan det hende det var utlikninga som berga VM-gullet, seier Thingnes Bø.