Skiskyttar Tarjei Bø og kona Gita Simonsen har hamna i klammeri med lokalavisa Fjordingen etter bryllaupet i Stryn i sommar.
Ikkje fordi avisa ignorerte ønsket til brudeparet om ein privat seremoni eller knipsa «ulovlege» bilde, men fordi avisa kan ha antyda at bilderettane blei selde eksklusivt til Se og Hør.
I ein kommentar trekker redaktøren parallellar til det kommande bryllaupet mellom Märtha Louise og Durek Verrett, der det tyske bladet Hello! har sikra seg bilderettane.
– Å insinuere at vi har late oss kjøpe av magasinet Se og Hør, og gitt dei spesialbehandling, er langt over streken og direkte feil, skriv Tarjei Bø i eit indignert tilsvar.
Innlegget kjem på toppen av utblåsinga til kona i sosiale medium.
– Det skuffar oss at ein redaktør ikkje ein gong prøver å sjekke fakta før han sjølv skriv og publiserer eit innlegg som villeiar lesaren så kraftig, skriv ekteparet.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix– Setninga var feil. Det beklagar vi
Brudeparet har sidan fått ei unnskyldning frå avisa, som erkjenner at det ikkje var dekning for formuleringa om at «lokalavisa var uønskt og Se og Hør ikkje».
«Med Tarjei Bøs tydelege tilbakemelding, vert denne setninga feil. Det beklagar vi», skriv Fjordingen-redaktør Bengt Flaten.
Ver varsam-plakaten seier at media skal kontrollere at opplysningar som blir gitt er korrekte (VVP 3.2).
– I og med at saka kan bli klaga inn for PFU, kan eg ikkje kommentere henne, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen.
Reidun Kjelling Nybø er generalsekretær i Norsk Redaktørforening.
– Når det skjer feil, så må disse blir retta så fort som mogleg. I dette tilfellet var redaktøren raskt ute og retta opp ein openberr feil, seier ho.
– Alle bryllaup har både private og offentlege sider ved seg, noko Høgsterett også har slått fast, seier Reidun Kjelling Nybø.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpixSe og Hør: – Bryllaup er ei offentleg handling
Se og Hør erkjenner at dei ignorerte ønsket til brudeparet om å halde seg unna vigslinga:
– Bryllaup er ei offentleg handling så vi bestemte oss for å dekke det. Resultatet såg du i Se og Hør, seier ansvarleg redaktør i bladet, Ulf Andre Andersen.
I 2008 blei Se og Hør frikjent i Høgsterett for å «snikfotografere» Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther under bryllaupa deira i 2005. Vigslinga fann stad på ein holme utanfor sørspissen av Tjøme.
Høgsterett la vekt på at bryllaupet gjekk føre seg på ein stad med allmenn ferdselsrett og på eit tidspunkt av året der det er stor båttrafikk.
– Dei la også vekt på at det ikkje var noko krenkande i reportasjen. Dette var ei vurdering opp mot privatlivets fred. Noko av det same vil sannsynlegvis gjelde i dette tilfellet, seier Reidun Kjelling Nybø.
I 2008 blei Se og Hør frikjent i Høgsterett for å «snikfotografere» Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther under bryllaupa deira i 2005.
Foto: Faksimile: Se og Hør– Opp til media å vurdere om dei vil respektere oppfordringa
Jussprofessor Tarjei Bekkedal gir bryllaupet ei uavklart plassering på skalaen mellom privat og offentleg.
– Bryllaup er ei offentleg handling som media kan dekke når det skjer på offentleg stad. Samtidig er arrangementet personleg og privat.
– Etter mitt syn er det heilt uproblematisk at eit brudepar formidlar til pressa at dei ønsker å vere i fred. Så får media vurdere om dei vil respektere oppfordringa, eller i staden vil utøve ytringsfridommen sin og redaksjonelle fridom så langt han rekk.
Fjordingen-redaktør Bengt Flaten står inne for avgjerda om å halde seg unna vigslinga.
– Når paret gav så klart uttrykk for at vi ikkje var ønskte, så valde vi å etterkomme det. Eg angrar ikkje på det, seier han til NRK.
– Ein nasjonalskatt giftar seg i alle sitt påsyn i heimbygda. Burde de ha vore der?
– Nei, og eg noterer meg at heller ikkje NRK var der.
Skiskyttar Tarjei Bø og kona Gita Simonsen har hamna i klammeri med lokalavisa Fjordingen etter bryllaupet i Stryn i sommar.
Foto: Instagram / skjermdump- Christian Breidlid
Ulf Andre Andersen, ansvarleg redaktør i Se og Hør
Vi fekk ein førespurnad frå Olympiatoppen om at Bø ikkje ønskte merksemd rundt bryllaupet. Vi takka for førespurnaden og sa vi ville ta ei sjølvstendig vurdering om vi ville dekke det. Bryllaup er ei offentleg handling, så vi bestemte oss for å dekke det. Resultatet såg du i Se og Hør.
- NRK
Ellen Lexerød Hovlid, professor ved institutt for journalistikk, Høgskulen i Volda
Eg er einig med Bø i at formuleringa i kommentaren til redaktøren kan tolkast som ein insinuasjon om at Bø har late seg kjøpe av Se og Hør og gitt dei spesialbehandling. Når det ikkje stemmer, synest eg det er veldig bra at redaktøren har retta opp dette, forklart at det var feil og beklaga.
- NRK
Tarjei Bekkedal, professor ved juridisk fakultet, UiO
At Märtha og Durek har selt bilderettane til dei private delane av seremonien sin til ein utvald aktør, skjønner eg godt. Märtha og Durek har rett til eit privatliv, og til å ta kontroll over korleis det blir framstilt er fornuftig både prinsipielt og praktisk. Media si sutring over dette har lite med ytringsfridom å gjere, men kjem av kommersielle eigeninteresser.
- Stiftelsen Institutt for Journalistikk
Trygve Aas Olsen, fagmedarbeidar ved Institutt for journalistikk
Eg er einig med ekteparet i at Fjordingen-redaktøren må sjekke opplysningane han formidlar. Men det var nå bra at redaktøren beklaga, da han innsåg feilen. Elles er eg også einig med Ulf André Andersen i at bryllaup er ei offentleg handling – sjølv vigslinga, altså – mens ein privat bryllaupsfest ikkje er offentleg.
- NTB scanpix
Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk Redaktørforening
Alle bryllaup har både private og offentlege sider ved seg, noko Høgsterett også har slått fast. Det er sjølvsagt viktig at redaktørar og journalistar sjekkar fakta før publisering, men når det skjer feil, så må disse blir retta så fort som mogleg. I dette tilfellet var redaktøren raskt ute og retta opp ein openberr feil.
- NTB
Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund
I og med at saka kan bli klaga inn for PFU, kan eg ikkje kommentere henne. Generelt skal media kontrollere at opplysningar som blir gitt er korrekte (VVP 3.2). Forresten er det viktig at media beklagar og rettar når det er behov for det.