Den tungt trafikkerte strekninga på stamvegen mellom Bergen og Oslo har ein dyster ulukkesstatistikk, og distriktssjef i UP, Leon Nordanger håpar skilta vil få bilistane til å køyre seinare.
Store blå skilt med påskrifta "strekning med auka kontrollaktivitet" lyser mot deg i det du køyrer inn i Lærdalsdalen - enten du kjem frå Sognesida - frå Hemsedalsfjellet eller frå Filefjell. Distriktssjef Leon Nordanger i utrykkingspolitiet vil at alle skal vita at her blir det kontrollar nesten kvar dag i sommar.
Fleire ulukker etter Lærdalstunnelen
Foto: Arve Uglum
På eit vegkart har distriktsleiar Tormod Gausdal i Statens Vegvesen markert alle ulukker og bilbergingar på denne vegstrekninga dei siste fire åra. Han mistenkte at opninga av Lærdalstunnelen og trafikken mellom Oslo og Bergen som den førte med seg ville føra til fleire ulukker. Kartet viser at han fekk rett.
To personar har mist livet på E-16 gjennom Lærdal så langt i år. Vogntog var involverte i begge ulukkene.