Hopp til innhold

Skiløparar tekne av snøskred

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To skiløparar blei tekne av eit skred ved Breidalen vest for Grotli i ettermiddag. Ein person er frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Ifølgje Hovudredningssentralen på Sola var det to skiløparar som var involvert i skredet på Strynefjellet.

Den eine kom seg unna sjølv, medan den andre blei ført med skredet nedover.

– Den eine personen blei funnen 200 meter lenger nede, seier redningsleiar Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen.

Han kan ikke seie noko om skadeomfanget, men personen skal ha vore bevisst og blei sendt til Haukeland med luftambulanse.

Hundar, luftambulansen frå Dombås og eit Sea King-helikopter frå Florø blei sende til staden.