– Eg skal berre på segltur eg, seier Bennæs.
Han fortel at planen er å reise frå Bergen 15. august. Då set han kursen vestover mot Shetland, ned Irskesjøen, til Madeira, Kanariøyane og Kapp Verde, før han reiser vidare over til Karibia, gjennom Panamakanalen til Galapagos, Påskeøya og Fiji.
Reisa er målet
Planen er så å reise litt rundt på øyene aust om New Zealand, før han seglar vidare nordom Australia, sør om Afrika og over til Brasil. Derifrå reiser han vidare til Newfoundland, Grønland, Island, Færøyane og Shetland, før han returnerer til Innvik.
– Det skal vere overkommeleg. Eg brukar så lang tid eg treng og seglar så seint eg kan. Det er reisa som er målet, ikkje nødvendigvis destinasjonen, fortel Bennæs.
Seglbåten, som er ein ketchrigga stålbåt på 54 fot, har vore på storhavet før og er solid og godt utstyrt for langtur. Den ambisiøse seglaren har budd i båten sidan han kjøpte den for to år sidan og trivst godt om bord i skuta.
– Ein slepp å klippe plenen, i alle fall. Elles er det stort sett som på land, med unntak av litt meir bølger. Ein har sjølvsagt litt andre utfordringar og det er ein litt annan standard enn ein er vane med, men livet om bord går veldig greitt, fortel han.
(Artikkelen held fram under videoen)
Har planlagt i to år
– Eg er den einaste som er fast om bord under heile reisa, men tar på mannskap på ulike strekningar under seglasen, seier 41-åringen
Seglaren har foreldre som har vore aktive sjøfolk og at han sjølv var på havet i ung alder, men at det ikkje nødvendigvis er havperspektivet som gjer at han har valt å kaste loss.
– Det er veldig mange som snakkar om å reise, men så blir det ikkje noko av. Hovudmålet har ganske enkelt vore å kome seg av garde. Prosessen og planlegginga starta 14 dagar etter at eg flytta inni båten for to år sidan, men likevel har dei tre siste månadane vore hektiske, fortel Bennæs.